– Krevjande sak for Ap
Helsestatsråden innrømmer at sjukehusstriden er krevjande, også for Arbeidarpartiet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter regjeringskonferansen seint i går kveld, er det klart at Senterpartiet trass alt står fram som den store vinnaren i spelet om sjukehusa i Sogn og Fjordane. Dei har fått gjennomslag for å halda på akuttberedskapen i Lærdal og på Eid, men fødetilbodet vert redusert til jordmorstyrte fødestover.
– Eg trur at at alle ser at dette er ei krevjande sak, også for Arbeidarpartiet. Det har eg veldig stor respekt for. Me må ha robuste fagmiljø, og me må ha gode miljø som kan vera trygge dersom det skjer noko under ein fødsel. Dette vil gje eit godt og framtidsretta tilbod, seier Anne-Grete Strøm-Erichsen til NRK no i morgontimane.
LES OGSÅ: Tapte kampen om føden – kan få styrkja ortopedien
Ho sler fast at det er sjølvsagt at ein vel å behalde den indremedisnske akuttberedskapen.
Ap-avhoppar og frontfigur for det nye partiet Samfunnsdemokratane, Gunnvor A. Sunde, er rasande på regjeringa sitt vedtak.
– Folk må snarast koma seg ut av dei partia som ødelegg dette landet med splitt og hersk. Fødande sett opp mot rusavhengige, seier Sunde til Sogn Avis, med klar tilvising til at regjeringa fjernar fødeavdelinga på Eid, men opnar den mykje omtala rusposten på sjukehuset.
– Eg forventar at heile partilaga til AP, Sp og SV i Lærdal og på Eid legg ned arbeidet sitt, sler Sunde fast.