Neste sommar kan du bruka Netflix i utlandet
Kulturdepartementet vil at nordmenn som abonnerer på Netflix, TV 2 Sumo og HBO, også skal kunna sjå TV på reise i utlandet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Bakgrunnen er at EU har avgjort at abonnentar av portable nettbaserte innhaldstenester også får tilgang til desse tenestene ved mellombels opphald utanfor bustadstaten.
6. juli blei det avgjort å ta den såkalla portabilitetsforordninga, som tok til å gjelda i EU i april i år, inn i EØS-avtalen.
– Eg er svært nøgd med at norske forbrukarar snart, på lik linje med borgarar av EU-land, kan få full tilgang til dei nettbaserte abonnementstenestene sine når dei oppheld seg utanlands, seier kulturminister Trine Skei Grande (V).
Les også: Ser du for mykje på Netflix?
(©NPK)