Dagsverk for utdanning
Operasjon Dagsverk skal gje jenter i Rwanda utdanning.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Elevtinget bestemte torsdag seg for at Operasjon Dagsverk går til Plan Norge-prosjektet for å gje ungdom utdanning.
– Dette er fantastiske nyhende. No får skuleelevar i Noreg bidra til at ungdom i Rwanda òg får skulegang. I Rwanda sluttar over fire av fem på ungdomsskulen. Fleirtalet av desse er jenter. I eit lite land som Rwanda med berre 9 millionar innbyggjarar vil OD tyde mykje. Vi ser enormt fram til dette samarbeidde, seier frå Hela Bjørnøy generalsekretær i Plan Noreg til Framtida.no.
Foreldrelause
Folkemord og AIDS har etterlate ein fattig folkesetnad der 50 prosent er under 18 år i Rwanda. Utdanning er vegen ut av fattigdom, men fire av fem må slutta før ungdomsskulen.
Plan Norge-prosjektet vil gje skulegang til ungdom i Rwanda – spesielt for jenter. Målet er fleire skuleplassar og betre oppmøte, resultat og fullføring. I tillegg vil prosjektet auke høva til ungdomane til å organisera seg, uttrykkje seg og læra om rettane sine.