Her er dei populære utdanningane
5200 fleire vil ta høgare utdanning til hausten. Sjå kva fag som er mest populære!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Årets tal frå Samordna opptak viser at 108.605 søkarar har søkt om opptak til høgare utdanning. Det er om lag 5 prosent fleire søkarar enn i 2010. Auken skuldast større kull som går ut frå vidaregåande skule.
– Det er svært gledeleg at auken i søknader til læreryrket held fram. I år ser me òg at fleire enn tidlegare ynskjer å studera realfag. Dette viser at rekrutteringstiltaka til regjeringa gjev resultat, seier statsråd Tora Aasland, statsråd for forsking og høgare utdanning.
Enno er det fleire kvinner enn menn som søkjer om opptak, 59,3 mot 40,7 prosent.
Fleire vil bli lærar
Det er enno stabilt stor søknad til den nye grunnskulelærarutdanninga som vart innført i 2010. Det er i år 4 459 førstevalssøkjarar til 3051 planlagde studieplassar. I tilhøve til 2010 er dette ein auke med 112 søkjarar.
Tek ein i tillegg med søkjarar til 5-årig integrert lærarutdanning og faglærarutdanninga er det 370 fleire søkarar enn i 2011 – det vil seie ein auke på 5,8 prosent.
– Dette viser at stadig fleire ser for seg ei yrkeskarriere som lærar. Gode lærarar er det viktigaste for eleven si læring, og me treng endå fleire engasjerte og dugelege lærarar som kan gjere ein skilnad for born og unge, seier Tora Aasland.
Til førskulelærarutdanninga er det registrert 3 050 søkjarar til 2 516 plassar. Det er om lag same talet på søkjarar som i fjor.
Realfag og teknologiske fag
Til realfagsstudier er det registrert ein auke i søkinga på 8,6 prosent samanlikna med 2010. Tala viser ein liten auke på 1,7 prosent i søkjarar til teknologiske fag, inkludert ingeniør, integrert master og maritime fag.
– Den tydelege auken i talet på søkjarar til realfag er det absolutt mest gledelege ved årets søkjartal, seier Tora Aasland.
Informasjonsteknologi og økonomi og administrasjon har også ein stor auke, på høvesvis 12,9 og 12,2 prosent.
Stabil søkning til helsefag
Samanlikna med 2010 viser tala frå Samordna opptak ein auke til helsefag på cirka 4 prosent. Det er til dømes registrert 8.382 førstevalssøkjarar til 4 177 studieplasser i sjukepleie. Dette er ein auke i søkninga på denne utdanninga på omlag 3,3 prosent i tilhøve til i fjor.
Til fleire andre helsefagutdanninger, som sosionom, barnevern og vernepleierutdanningene er det registrert bra auke i søkningen.
– Dette er eit godt utgangspunkt når regjeringa til hausten legg fram ein stortingsmelding om utdanningane til velferdstenestene for å utvikla kvaliteten på desse utdanningane ytterlegare, seier statsråden.
Vekst i heile landet
Søkjartala viser ein auke for mange av høgskulane utanfor dei store byane. Det er i år relativt sett mindre auke i søkjartala i dei største byane.
– Det tyder at institusjonane i distrikta har utvikla gode studietilbod som søkjarane ynskjer å nytta. Dette er ein rett og ynskt utvikling, seier statsråd Tora Aasland i ei pressemelding.