Dei gjer klar Harastølen til teaterhelg: – Det er fint at det skjer noko i bygda
Om ei veka skal Harastølen opnast for eit publikum for siste gong, men før den tid må det mange dugnadstimar til for å få det falleferdige bygget i noko lunde stand.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei gjer klar Harastølen til teaterhelg: – Det er fint at det skjer noko i bygda
Saka vart fyrst publisert i Porten.no
Luster: – Endeleg skjer det noko i bygda vår og då er det viktig å stilla opp, seier Marita Kvalsvik.
Saman med May-Tone Feten Høyheim, begge lustringar, har ho bevega seg inn i det gamle sanatoriet for å få det litt meir i orden til teaterframsyninga “Det gule tapetet” som skal gå neste veka.
Kinosalen er straks klar
– Me har bært stolar til etesalen der stykket skal vera, men no skal me gjera klar kinosalen.
For i den gamle kinosalen der mange pasientar har sett film frå ein av dei fyrste kinomaskinene i landet, skal det atter ein gong verta kinoframsyning.
– Dei syner Villmark 2, der delar av filmen er frå Harastølen. Ein skrekkfilm i eit relativt skremmande lokale.
Det blei så godt motteke at produsent for teateret, Jeff Pedersen, måtte sette opp ei ekstra framsyning av filmen.
– Å sjå filmen på Harastølen blir mykje meir immersivt enn å sjå den heima eller på vanleg kino. Det blir meir personleg her i kinosalen, seier Pedersen.
Venninna skal ha skodespelardebut
Dei to jentene kostar golva, og bærer 50 stolar frå heile sanatoriet til kinosalen.
– Eg er spent på kor mange som kjem til Harastølen denne veka, seier Kvalsvik.
Sjølv får ho ikkje sett førestillinga fordi ho skal på cruise.
– Det er eg veldig lei meg for, spesielt sidan venninna mi, Marte, spelar hovudrolla. Samstundes verkar førestillinga generelt spanande.
– Du får meg ikkje opp hit på kvelden
Dei to jentene diskuterar kor dei mange ulike stolane skal stå, og kor mange som kan pressast saman på ei rad for å få det mest mogleg intimt og spanande.
– Dette er jo siste sjansen folk har til å sjå bygget så eg håpar jo både folk i bygda og andre møter opp, seier Feten Høyheim.
Ho stiller gladleg opp på dugnad for å hjelpa produksjonen med å nå alle måla sine før premiera.
– Eg hjelper til fordi sånt er viktig når nokon prøver å få til noko i bygda. Eg veit bygdefolket kan vera litt seige å få med seg, så då får me unge ta i eit tak fyrst, seier ho med eit glis.
No gler ho seg til teateret, men kinoen nektar ho å reisa på.
– Midt på dagen kan eg vera her oppe, men du får ikkje meg med på skrekkfilm her på kvelden.