Hjerneforskar refsar ungdomsparti for hasjliberalisering
Hjerneforskar Svend Davanger meiner ungdomspartia i landet er i ferd med å svikte ungdommane dei skal representere, når dei foreslår legalisering av cannabis.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Han seier til Vårt Land at alkoholkonsumet må vere mykje høgare for å gi den same skadelege effekten som cannabis har, og at cannabis særleg er skadeleg for ungdom. Cannabis endrar strukturen og funksjonen i viktige hjerneområde.
– Ungdom er i ein fase der hjernen er under utvikling. I tillegg er dei i ein fase der motivasjon er viktig for å nå langsiktige mål, som til dømes å ta høgare utdanning. Cannabisbruk kan både hemme ein normal utvikling av hjernen og samtidig påverke evna til å oppnå mål i ein viktig fase av livet, seier Davanger, som er forskar ved Universitetet i Oslo.
Les òg: Cannabis i kokkeshow skapar reaksjonar
Ungdomspartia vil legalisere
Nyleg gjekk Unge Høgre inn for å legalisere cannabis. Det same gjorde Sosialistisk Ungdom. Dei slutta seg dermed til FpU og Venstres rekker. Mykje tyder på at AUF vil gjere det same. Til og med KrFU skal behandle eit legaliseringsforslag.
Davanger trur ikkje forslaga er godt nok gjennomtenkte.
– Eg har lurt på om det kjem av at vi lever i ei tid der dei politiske partia strever med å halde oppe medlemstala, og at ungdomspartia derfor prøver å stå fram som kule og framtidsretta.
Les òg: Canada legaliserer marihuana