Magisk i Golsjuvet

Golsjuvet var laurdag omgjort til ein fantastisk scene. Hallingdal Folkehøgskule framførte oppsetjinga «Kvit snø».

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei intens veke med arbeid vart avslutta laurdag med eit imponerande show.

For publikum var opptakten eksotisk nok. Etter å ha blitt frakta fram i fullstappa buss på den smale vegen, gjekk turen inn i juvet på ein opptråkka stig, markert med faklar.

Nedst i juvet var det oppstilt blant anna tønner og mjølkespann som instrument, og det var bygd hoppbakke for skikøyrarane.

Det heile starta med eit instrumentalt innslag. Så fekk skikøyrarane merksemda med akrobatiske skihopp ved ei brennande tønne.

I løpet av den neste halvtimen kom det isklatrarar i tau nedover den enorme isveggen. Elevane varta opp med både song og dans. K

Publikum lo og klappa gjennom heile framsyninga og var svært imponerte.

Torhild Kaald er elev ved skulen og var kjempefornøgd ved enda framsyning.

– Dette var ekstremt bra. Prosjektet er jo ikkje så kjent. Me har jobba mykje med å få folk hit. Det kom jo fleire busslaster, så det var omtrent 300 her. Det er dobbelt så mange som i fjor, utruleg oppmøte, skryt ho.

LES SAKA I HALLINGDØLEN.NO!