Livet til Maria Amelie blir teater
Premiere 12. mai.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dagen etter at han papirlause Madina Salamova, mest kjent som Maria Amelie, blei sendt ut av landet til Moskva, er det klart at livet hennar no skal formidlast frå teaterscenen. Det Norske Teatret har sikra seg rettane til boka ”Ulovleg norsk”, som Maria Amelie gav ut i fjor. Boka er basert på hennar eigne dagbøker, blogginnlegg og memoarar om kvardagen som ulovleg innvandrar etter at ho kom til landet saman med foreldra sine i 2002.
Flyttar stykke
No startar arbeidet med å skrive manus til teaterscenen. Det vil skje under leiing av regissør Nina Wester. Etter planen vil stykket ha première 12. mai på Scene 3, noko som tyder at ”Det Norske Teatret forsvarar norsk kulturarv”, som eigenleg skulle vore vist i denne perioden, no blir flytta.
Ifølgje teatret er debatten som blei utløyst etter at Ulovleg norsk kom ut både omfattande og viktig, og handlar om meir enn Maria Amelie og skjebnen hennar.
– Den handlar ikkje minst om korleis me som samfunn, med lovar og reglar, gjer born og ungdom ulovlege. Nina Wester vil basert på boka til Maria Amelie setja lys på denne problemstillinga, heiter det i ei pressemelding frå teatret.
Salssuksess
Boka Ulovleg norsk var ein bestseljar allereie ei veke etter at ho kom på marknaden 10. september i fjor. Ho har ikkje selt mindre dei siste to vekene. Medrekna to nye opplag som er bestilt, er boka no trykt i over 13.000 eksemplar. Pax forlag tinga for to veker sidan eit hasteopplag på 3000 bøker og endå eit nytt opplag på 5000.