Proaktiv! Proaktiv!
Regjeringa jobbar på spreng for å komme på offensiven igjen etter mange leie saker dei siste månadene. Seinast i går var det krisemøte. Vi har fått tak i møtereferatet:
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Referat frå møte, type: Krise i regjeringa. Ingen forfall. Det skulle då også tatt seg ut.
Statsministeren redegjorde for situasjonen. Regjeringas opplegg med å sette ut viktige avgjerder til andre har slått feil, sidan andre også tek dårlige avgjerder, og regjeringa uansett får skulda. Statsministeren hadde fått beskjed om at regjeringa no måtte komme på banen med eigne saker, som folk er opptatte av. Og så er det viktig å vere proaktiv.
Alle nikka til dette, og gav seg til å leite på internett etter saker å vere proaktive om. Fleire la merke til at det stod mykje på nettet om Susanne Sundfør som har sagt frå seg Spellemann-nominasjonen i kategorien «beste kvinnelige artist», fordi ho synest artistar skal vurderast uavhengig av kjønn. Alle var samde om at dette var ei sak folk var opptatte av.
Så prøvde regjeringa å vere proaktiv om denne saka. Først måtte regjeringa finne ut kva regjeringa meinte om saka. Stoltenberg foreslo først at regjeringa kunne vere både for og mot. Så foreslo han å innføre eit meine-ting-om-kjønnsperspektiv-i-spellemannprisen-direktorat. Så kremta ein rådgivar, og Stoltenberg gjekk vekk frå dette forslaget.
SV var lenge i tvil om kva dei skulle meine, sidan dei på den eine sida er for likestilling, og på den andre sida synest det er fint om flest mulig får prisar. Tanken om å gi flest mulig prisar tente Stoltenberg. Han meinte at dette måtte vere ei opplagt vinnarsak for regjeringa. Flest mulig skal få pris! For å vere proaktiv, meinte Stoltenberg at vegen vidare må vere å innføre liknande kjønnsoppdelingar av andre prisar. For eksempel fredsprisen. Ei arbeidsgruppe blei nedsett og kom opp med følgjande forslag til nye fredspriskategoriar:
– Nobelprisen for beste fredsinnsats utført av ei kvinne
– Nobelprisen for beste fredsinnsats utført av ein mann
– Nobelprisen for beste fredsinnsats utført av ei gruppe
Regjeringa var svært fornøgd med seg sjølv etter dette. Nokre av dei ivrigaste tok så ordet og spurde: Kvifor berre fredsprisen? Og kvifor berre kjønn?
Alle var samde om at dette var proaktivt og tøft tenkt. Her er det om å gjere å sørge for at flest mulig får pris! Fleire forslag til nye prisar blei lanserte. For eksempel:
– Brageprisen til beste novelleforfattar med skjegg
– Amandaprisen til beste regissør med stilig torso
– Spellemannprisen til beste heterofile visesongar
– Fritt ord-prisen, kategori kort homo
– Fritt ord-prisen, kategori lang bifil
– Rivertonprisen til beste lubne krimforfattar
– Spellemannprisen til beste langhåra visesongar med kort tilløp
– Smykkeprisen for beste døyping av båt utført av kvinne med rart namn
Etter dette siste forslaget blei Senterpartiets representantar bedt høflig om å roe seg ned eller forlate lokalet. Dei roa seg ned, og møtet heldt fram.
Noko seinare fann statsministeren ut at det faktisk var mange som støtta Sundfør på Twitter. Nokon lurte på kven Twitter var. Andre lurte på om dei som støtta Sundfør på Twitter hadde faklar. Det hadde dei ikkje, kunne statsministeren slå fast, og mange var derfor i villreie om korleis dei skulle forhalde seg til dette. Statsministeren såg vidare på Twitter at ein av dei som støtta Sundfør var Bjørn Eidsvåg. Alle var samde om at Eidsvåg er såpass populær at han tilsvarer eit lite fakkeltog.
Regjeringa revurderte no sitt opprinnelige standpunkt, og gjekk inn for å støtte Sundfør sterkt. Og proaktivt. Det vart litt diskusjon om korleis regjeringa best kunne vere proaktiv i denne saka. Etter eit lengre ordskifte, blei det bestemt at regjeringa skal lære seg Sundførs største hit og framføre denne under utdelinga av Spellemannprisen.
Noko seinare fann regjeringa ut at Sundførs største hit er over seks minutt lang, veldig vanskelig å synge og handlar om eit bordell.
Regjeringa revurderte sitt opprinnelige standpunkt. Sidan regjeringa ikkje hadde fleire standpunkt å komme med, blei det no stille. Stoltenberg foreslo så halvhøgt å opprette eit proaktivitetsdirektorat som kan vere proaktiv på vegner av regjeringa, men bad sjølv straks om unnskyldning for dette.
Møtet blei heva. SV bad som vanlig om å få protokollført at folk bør vere snille mot kvarandre og at fred er bra. Nytt krisemøte blei avtalt til dagen etter.
Denne artikkelen stod først på trykk i Dagsavisen 22. januar.