Kåra til årets nynorskbok
Ungdomsromanen Fengsla vann over alle vaksenbøkene.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Lesarane til Dag og Tid har røysta fram Fengsla til Årets nynorskbok.
Boka til Hilde K. Kvalvaags var den einaste ungdomsromanen som var nominert blant årets bøker i Dag og Tid, men mellom dei andre nominerte var både Carl Frode Tiller, Lars Amund Vaage, Jon Hellesnes og Ottar Grepstad.
– Jøss, det er utruleg! Eg hadde ikkje venta at ein ungdomsroman ville hevda seg i konkurranse med skjønnlitteratur for vaksne og sakprosa, seier vinnaren til Dag og Tid.
I fjor haust fekk Hilde K. Kvalvaag Brageprisen for Fengsla, og tidlegare har ho fått ei rad andre prisar for bøkene sine. Den nye romanen kom også på langlista til U-prisen, og ungdomane gav boka heiderleg omtale.
Etter at ho debuterte i 2003, har ho skrive tre bøker for born og ungdom og éi vaksenbok. Fengsla har no kome i nytt opplag.