Solformørking for dei få

Ikkje alle får med seg den nest kraftigaste solformørkinga i Noreg sidan 1954.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Solfor- mørking for dei få

Tysdag morgon glir månen inn mellom jorda og sola, og fører dermed til ei delvis solformørking.

Formørkinga startar før sola står opp, og er over klokka 10.57, ifølgje himmelkalenderen.com.

Ved maks formørking er dekkjer månen 78 prosent av sola. Dette skjer klokka 09.35 i Oslo og 09.40 i Trondheim. Men sidan sola ikkje står opp før klokka 09.57 i Trondheim, vil ein ikkje sjå den maksimale formørkinga der.

Ifølgje vêrvarselet ser det likevel best ut å vera i Trondheim og resten av Midt-Noreg. Lenger sør er det meldt om skyer og nedbør.

Hugs å bruk solformørkingsbriller om du finn på å sjå mot sola!