Slik skal fleire lokkast til å stemma
24 ulike organisasjonar får nær fem millionar kroner.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Debattar, valaviser, nettsider på ulike språk og avis i blindeskrift er blant tiltaka som får støtte frå Kommunal- og regiondepartementet.
Målet med tilskotsordninga er å auke kunnskapen om val og å auke valdeltakinga. Departementet har prioritert tiltak retta mot ungdom, innvandrarar og veljarar med behov for særleg tilrettelagt informasjon.
- Innvandrarar og ungdom har lågare valdeltaking samanlikna med andre grupper i samfunnet. Eg håper at tiltaka kan bidra til at blant andre fleire ungdom og nordmenn med innvandrarbakgrunn vel å bruke røysteretten sin, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) i ei pressemelding.
Statsråden understrekar også at dette er særskilt viktig ved kommunestyre- og fylkestingsval der langt fleire innvandrarar har røysterett samanlikna med stortingsval. Interessa for tilskotsordninga har vore stor, og departementet fekk heile 82 søknadar.
Sjå kva organisasjonar som får støtte!
– Eg set stor pris på den store interessa som finst landet rundt for å auke kunnskapen om val og valdeltakinga. Det er mange kreative tiltak og eg har stor tru på at slikt arbeid kan skapa meir engasjement før valet, seier Navarsete.
Desse tiltaka kjem i tillegg til det generelle informasjonsarbeidet Kommunal- og regionaldepartementet og kommunane gjer for å informere veljarane om regelverk, fristar og praktisk informasjon rundt valet. Frå før har Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner fått 1,5 millionar kroner i støtte til å informera om valet.
LES MEIR OM LOKALVALET I 2011!
Kva trur du skal til for å fleire til å bruka stemmeretten sin?