Jentene tek igjen gutane

Sjå kva fylke som gjer det best på skulen!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Siste bastion for fall

Elevane i Sogn og Fjordane gjer det, saman med dei frå Oslo og Akershus, betre på dei nasjonale prøvane i rekning enn elevane frå dei andre fylka.

Det syner resultata frå dei nasjonale prøvane i rekning, lesing og skriving, som var publiserte i dag.

Gutane best
Oslo og Akershus og Sogn og Fjordane ligg noko høgare enn dei andre fylka i gjennomsnittleg meistringsnivå i rekning både for 8. trinn og for 5. trinn, vert det opplyst i ei pressemelding frå Utdanningsdirektoratet.

Analysar av resultata frå dei nasjonale prøvane i rekning syner at gutane framleis gjer det noko betre enn jentene, men denne forskjellen er noko mindre samanlikna med i fjor. I lesing er det jentene som er best. Blant dei flinke elevane er det likevel mindre forskjellar.

Forskjellane aukar
Elevane på 9. trinn har i år fått same prøve som elevane på 8. trinn. Føremålet med dette er å få eit bilete av korleis dugleikane til elevane i rekning endrar seg mellom 8. og 9. trinn.

Det er størst forskjell i delen elevar som oppnår høgste meistringsnivå, medan det er relativt liten forskjell i delen elevar som oppnår lågaste meistringsnivå. Dette tilseier at det er elevane som presterer høgst som forbetrar prestasjonane mest, og at forskjellane mellom dei med dei svakaste og sterkaste prestasjonane i rekning aukar frå 8. til 9. trinn.

Les meir om nasjonale prøvar!