15 ting Kim og Trump går glipp av i Singapore

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det historiske møtet mellom Kim Jong-un og Donald Trump var uverkeleg for berre nokre månader sidan. Då passar det godt å møtast i den nesten uverkelege storbyen Singapore.

Pressa inn på 693 km² bur 5,7 millionar innbyggjarar i det som er verdas tredje rikaste land målt etter BNP (Noreg er på 6. plass). Trass om lag likt folketal og velstand, er svært mykje forskjellig mellom dei to landa.

Her er noko av det Trump og Kim neppe får oppleva medan dei er i Singapore:

Bassenget på Marina Bay Sands er verdas lengste basseng på toppen av ein bygning. Foto: Svein Olav Langåker

1. Ta seg eit bad i det 146 meter lange bassenget på Marina Bay Sands, 191 meter over bakken.

Hotellet Marina Bay Sands sett frå sjøkanten.


2.
Sjå på utsikten frå verdas største parisarhjul, 165 meter høge Singapore Flyer:

Singapore Flyer var verdas største parisarhjul då det opna i 2008. Foto: Svein Olav Langåker


3.
Sjå på all naturen som får plass i storbyen:

I bakgrunnen kan du sjå The Interlace, ein av dei mange futuristiske bygningskompleksa i Singapore. Foto: Svein Olav B. Langåker

Frå Hort Park.


4.
Sjå på dei kvite tigrane i Singapore Zoo.

Dei kvite tigrane er nokre av dei mest populære i dyreparken i Singapore. Foto: Svein Olav B. Langåker


5.
Le av at Singapore Zoo trur det finst isbjørnar på fastlands-Noreg så langt sør som Molde og Lillehammer og på heile Island:

Tropisk varme er ikkje noko for ein isbjørn, men likevel har dei fått plass i Singapore Zoo. Kanskje heller ikkje så rart at dei bommar på habitatet til isbjørnar i Noreg, då?


6.
Ta monorailen frå Singapore til toppmøtet på fornøyelsesøya Sentosa.

Monorailen går frå kjøpesenteret VivoCity til fornøyelsesøya Sentosa. Foto: Svein Olav B. Langåker


7.
Eller ta taubanen over til Sentosa.
8.
Sjå på dei rosa delfinane i akvariet på Sentosa.

I Marine Life Park har dei rosa delfinar frå Amazonas. Foto: Svein Olav B. Langåker


9.
Ta ein tur innom Chinatown i Singapore

Kring tre-fjerdedelar av befolkninga i Singapore stammar frå Kina. Foto: Svein Olav B. Langåker


10.
Ta ein båttur opp Singapore-elva

Singapore-elva er kring 3,2 kilometer lang, og nedst i elva kan du køyra båt. Foto: Svein Olav B. Langåker

11. Ta seg ein Singapore Sling på Raffles Hotel.

Raffles Hotel blei grunnlagt berre to år etter jamstellingsvedtaket, i 1887, og er kalla opp etter Sir Thomas Stamford Raffles, grunnleggjaren av Singapore. Det er her drinken Singapore Sling først vart laga. Foto: Svein Olav B. Langåker

12. Bli våte i håret av monsunregnet i Little India.

Little India ligg aust for sentrum i Singapore, og viser ei litt mindre glamorøs side av den glansa byen. Foto: Svein Olav B. Langåker


13.
Ta seg ein tur innom Sri Thendayuthapani-tempelet.

Sri Thendayuthapani-tempelet er frå 1859.


14.
Handla i Orchid Road.

Orchid Road er den mest populære handlegata i Singapore.


15.
Ta seg eit engelsk-kurs på eit kjøpesenter.

I toppetasjen på mange kjøpesenter i Singapore er det vanleg at både vaksne og barn tar kurs i språk og fleire andre fag. Konkurransen er svært hard, og mange barn tar språkkurs før dei byrjar på skulen.

LES OGSÅ: Singapore har den mest utdanna befolkninga i verda – og ingen naturressursar

LES OGSÅ: Derfor har Kim Jong-un med sin eigen do til Singapore

Veit du om noko som fortener ein plass på lista over kjekke ting å gjera i Singapore? Del gjerne i kommentarfeltet!