Gjev ut flest jentebøker
Sjå kva som er Noregs mest rosa forlag!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dette er Noregs mest rosa forlag
Tidenes bokreklame på framsida av Aftenposten i går, torsdag?
”Utdanningsforbundet: Gi guttene bøker til jul.”
Bakgrunn: Pisa-undersøkinga viser at gutane ligg halvtanna år bak jentene i lesing og leseforståing. Ein av tre jenter reknar lesing som ein favoritthobby. Berre ein av seks gutar meiner det same.
Men kva har gutane eigentleg å velja i? Etter å ha studert nokre av dei store forlaga sin eigen omtale av ungdomsbøkene som er utgjeve i Noreg i år, viser det seg at eit stort fleirtal har kvinneleg hovudperson.
– Veit du kva? Me snakka nettopp om det på onsdag. Eg hadde møte med nokre unge menn som har med direktesal av bøker å gjera, og dei sa det var utruleg mange jenter som var hovudperson i bøkene for neste år.
Ingrid Greaker Myhren er redaktør for barne- og ungdomsbøker i ”jenteforlaget” Gyldendal Norsk Forlag. Forlaget til Hamsun og Bjørnson er i dag det forlaget som gjev ut flest ungdomsbøker med kvinneleg hovudperson. I 2010 gav dei ut fire bøker med ein mannleg hovudperson. 21 bøker hadde ei jente eller dame i hovudrolla. Og det ser ikkje ut til å endra seg til neste år.
– Det er også det same med vaksenkrim. Kvifor det er slik, veit eg ikkje. Det kan sjå ut til å vera ein trend internasjonalt, seier Myhren.
Ei pingle midt i jente-trenden
– Kjenner de ansvar for å finna fleire bøker til gutane?
– Alle bør vera merksame på det. No skal jo alle lesa på skulen, og då må det vera bøker av interesse for alle. Me leitar etter fleire bøker, seier Myhren.
LES OGSÅ: Leseforskar fryktar Matteuseffekt
Ho understrekar at nokre av bøkene med jente i hovudrolla, som Dødslekene-serien, også rettar seg mot gutar. Og i går la ho inn bod på ein spenningsserie for gutar, men vil ikkje seia namnet, av frykt for konkurranse.
– Me veit det er behov for tynne, lettleste bøker for gutar. At det også er ein gut som hovudperson, trur eg er rett. Men mykje av det beste som kjem frå utlandet har jenter i hovudrolla, sjølv om dei òg er retta mot gutar.
Eit unnatak er En pingles dagbok av Jeff Kinney. Boka er enno ingen kioskveltar i Noreg, men i USA blei femte boka i den humoristiske serien trykt i eit førsteopplag på fem millionar.
– Det er heilt vilt! seier Ingrid Greaker Myhren, og håpar at pinglemanien kjem til Noreg.
– Gutar les om gutar
Samlaget gav i år ut fire bøker med kvinneleg hovudrolle og to med ein gut som hovudperson. I tillegg kjem Dystopia II og På flukt der det både er jenter og gutar i sentrale roller.
Asbjørn Rydland debuterte denne hausten på Samlaget med fantasyromanen Drakeguten, der me følgjer stallguten Koll som etter kvart oppdagar at han har ukjente krefter. Rydland håpar mange tek oppmodinga til Utdanningsforbundet om å kjøpa bøker til julepresang.
– Kvifor trur du gutane les færre bøker enn jentene?
– Eg vil kanskje tru det har noko med det som finst å lesa. Kva utval dei har, og korleis ein blir stimulert. Eg trur foreldra er viktige for å hjelpa til å fina dei gode bøkene. Og så trur eg det er ein sjølvstadfestande spådom. Sidan mange gutar les dårleg, blir dei også ikkje gjeve bøker.
– Gutar les som regel om gutar, medan eg trur jenter ikkje tenkjer så mykje over kva kjønn hovudpersonen har, legg Rydland til.
Faktaboks
Kjønn på hovudperson i ungdomsbøker
Aschehoug
Jente: 7
Gut: 8
CappelenDamm
Jente: 20
Gut: 27
Gyldendal Norsk Forlag
Jente: 21
Gut: 4
Det Norske Samlaget
Jente: 4
Gut: 2
Til saman
Jente: 52
Gut: 41