Å tenke høgt, gjer oppgåveløysing enklare
Har du for vane å sitte å snakke med deg sjølv? Det treng ikkje bety at du er gal – tvert imot!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ein ny studie viser at om du snakkar med deg sjølv blir det enklare for deg å løyse oppgåver, melder Dailymail.
I studien utført av Christopher Atkin ved Universitetet i Nottingham fekk 35 personar i oppgåve å spele eit komplisert kortspel. Det gjekk ut på å legge merke til mønster i sekvensar med nummer, fargar og formar.
Kortstokken inneheldt 48 kort, og for å gjere det innvikla endra mønsteret seg konstant.
Når dei tenkte inni seg, hadde dei 45 feil. Då dei same folka tenkte høgt og skildra kva dei gjorde og tankeprosessen, hadde dei berre 10.
Geni som snakkar med seg sjølv
Har du nokon gong teke deg i å stå å gjenta kva du leiter etter i kjøleskapet, til deg sjølv? Det var det som inspirerte psykologi-forskaren, Gary Lupyan til å utføre ein studie basert på akkurat det.
Han utførte òg ein studie om dette, der han tok for seg 20 menneske som fekk i oppgåve å hugse objekt dei var vist i eit supermarknad.
Halvparten skulle gjenta dei verbalt for seg sjølv, som mens den andre halvparten skulle prøve å hugse dei i det stille.
Resultatet viste at dei som gjentok objekta verbalt fant fram til objekta 50 til 100 millisekund raskare enn dei som skulle hugse dei i det stille.
Dei som seier ting høgt ut til seg sjølv greier betre å halde seg fokusert på det ein held på med. Det hjelper og med å kjenne ting igjen med ein gong. Dette er noko Gary Lupyan meiner kan minne om geni.
Visuell skildring gjer ting enklare
Til dømes; ein banan er gul og bøygd. Så når du beskriver ein banan høgt for deg sjølv ser hjernen for seg ein banan fordi det er det du forbinder med gul og bøygd.
Så neste gong du strevar med noko, drøft det med deg sjølv, du har nok masse gode innspel!