Få nordmenn vil fly mindre for å redde miljøet
Det er lite aktuelt for fleirtalet av nordmenn å fly mindre for å bidra til eit grønt skifte, ifølgje ei ny undersøking frå NHO.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tala kjem fram i NHO Reiselivs årlege «grøne reisegallup » som blir gjennomført av Kantar TNS.
Her svarar 17 prosent at dei er villig til å redusere talet på flyreiser for «å bidra til eit grønt skifte i Noreg».
Sykling og kjeldesortering på topp
Flest svarar at dei er villige til å bli flinkare på kjeldesortering (46 prosent), å gå eller sykle meir (45 prosent) eller å kjøpe meir kortreist mat (40 prosent) for å skåne miljøet.
– Fly er ofte nødvendig for å komme seg frå A til B, og alle prognosar viser at vi kjem til å reise meir i framtida. Derfor må det tilretteleggjast for tiltak som er enkle og realistisk å få til for folk flest, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.
Færre vil eta mindre biff, ta bussen og kutta i flyreiser
Miljøtiltaka som er minst populære blant dei spurde, er å ete mindre storfekjøtt (32 prosent), bruke meir kollektivtransport (31 prosent) og å redusere talet på flyreiser (17 prosent).
14 prosent svarar at dei er villig til å redusere talet på reiser til utlandet, mens berre 5 prosent er villig til å redusere talet på reiser i Noreg. (©NPK)