Breane fortset å smelta

Resultat frå måling av 31 brear i Noreg viser at 27 brear har trekt seg tilbake, ein bre er uendra, medan tre brear gjekk fram.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den største tilbakegangen i år hadde Bødalsbreen i Stryn med 65 meter, Steindalsbreen i Lyngen med 40 meter og Nigardsbreen i Luster med 39 meter.

Som i 2008 og 2009
Tilbakegangen er omlag som i 2008 og 2009 men mindre enn i 2006 og 2007. Gjennomsnittleg tilbakegang for 25 brear i perioden frå 2000 til 2010 er 190 meter, melder NVE.

Rundt Jostedalsbreen har sju av ni målte brear trekt seg tilbake, medan fire av fem målte brear rundt Folgefonna har hatt tilbakegang. Målingane ved Briksdalsbreen viste ein framgang på åtte meter.

Ved Hardangerjøkulen viser målingane at Rembesdalsskåka i Eidfjord har smelta tilbake 14 meter. Midtdalsbreen ved Finse i Ulvik gjekk tilbake 34 meter.

Jotunheimen
I Jotunheimen er dei årlege endringane normalt små. Dei seks målte breane smelta tilbake mellom 5 og 20 meter. I løpet av dei siste ti åra har breane vorte 35 til 80 meter kortare.

Hellstugubreen og Storbreen har vore målt samanhengande sidan 1901 og 1902, og har trekt seg tilbake omlag 1100 meter i denne perioden.

LES SAKA HJÅ SOGN AVIS!