Sender båt frå Noreg til Gaza
– Vi sender båtar til Gaza fordi det er ein svært effektiv måte å skape merksemd rundt palestinarane på Gaza sin umenneskelege situasjon, sa Torstein Dahle under måndagens feiring av den første båten med norsk flagg som set kursen mot Gaza.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Svært mange møtte opp på Bryggen i Bergen måndag ettermiddag for å ynskje aktivistane og arrangørane lykke til. Palestinsk mat, korsong og appellar var berre noko av det som stod på programmet.
Torstein Dahle er leiar av Ship to Gaza Norway, som driv ikkje-valdeleg motstand mot den israelske okkupasjonen av Gaza, med mål om å heve blokaden. Organisasjonen vart stifta i 2010 og er open for alle som vil jobbe for at folkeretten også skal gjelde menneske på Gazastripa.
Over 1000 angrep
Båten dei sender er ein norsk fiskarbåt, og mange organisasjonar har stått på for at dette skulle bli verkeleg. Etter feiringa sette han kursen mot Stord. Her skal han feire 1. mai ved å setje fokus på fiskarane på Gazastripa sin situasjon.
– Etter fredsavtalen august 2014 har Israel hatt over 1000 angrep på uskuldige fiskarar på Gaza. Dei skyt ikkje for å drepe, men for å terrorisere, og norske media ignorerer situasjonen. Dette vil vi ha slutt på. Berre for eit par veker sidan rapporterte NRK for første gong om saka, og då berre med Israel sitt perspektiv. Til og med konservative Fox News refererte til fiskarane si side av saka, sa Torstein Dahle i appellen sin.
LES OGSÅ: – Eg såg det eg såg
Skaper blest undervegs
Før båten set kurs mot Midtausten, skal han mellom anna stoppe i Sverige og Danmark for å skape blest om situasjonen. Med eit begrensa antal sengeplassar er det konkurranse om kven som får vere med heilt til Gaza for å vise sin solidaritet med fiskarane i Palestina, og overlevere båten til dei.
LES OGSÅ: Ordkrigen om Gazas