Krev at ein av fem tilsette er lærlingar
Det sentrale ungdomsutvalet til Fellesforbundet vil lovfesta retten til lærlingplass.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette er tross alt framtida til folk, seier Børge Ånesen, leiar av det sentrale ungdomsutvalet til Fellesforbundet, i ein kommentar til at det enno manglar fleire tusen læreplassar.
Av dei vel 19.000 søkjarane til læreplass no i haust, hadde 12.203 søkjarar fått plass og 2601 oppretta kontakt med ei eller fleire bedrifter 1. oktober, ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet. 15.387 hadde læreplass som førsteønskjet sitt.
– Politikk handlar om vilje
Talet på lærlingplassar har gått opp sidan kriseåret i fjor, men ungdomsutvalet til Fellesforbundet er likevel ikkje nøgde. Dei krev at 20 prosent av alle fagarbeidarar i kommunar og statlege og kommunale føretak er lærlingar.
– Politikk handlar om vilje. Og der det er vilje er det mogleg å få det gjennom. Difor er dette realistisk å få gjennom, svarar Ånesen på spørsmål om korleis han ser på sjansen for å få dette gjennomført.
– Vil det vera nok lærlingar til å fylla alle stillingane?
– Det spørst jo kva yrke det er. Men både i helse- og omsorg og driftsavdelingane i kommunane er det mange fleire som burde få plass, seier Ånesen.
Reagerer
Ånesen reagerer på opplysningane som kjem fram på Framtida.no om at korkje Statens vegvesen, Statsbygg, Statkraft eller Statnett knyter krav til godkjente lærlingeordningar i kontraktane sine.
– Me meiner at offentleg sektor må gå føre som eit godt eksempel. Viss ein ikkje bruker påverknadsmakta ein har, kvifor skal andre gjera det? spør han.
Faktaboks
Her krava til ungdomsutvalet til Fellesforbundet:
• Det må bli gratis læremateriell i den vidaregående skolen, ikkje berre skulebøker.
• Utstyret som blir brukt til opplæring i skulen må vera det same som blir brukt ute i bedriftene.
• Rådgjevertenesta må styrkast og rådgjevarane må ut av skulen og møta næringslivet.
• Dei teoritunge faga må praksisrettast endå meir.
• Lærlingtilskotet som bedriftene mottek må hevast til same nivå som kostnadane per elev på yrkesfagleg studieretning.
• Offentlege anbod må stille krav om godkjente lærebedrifter.
• Det må lovfestast overfor statlege og kommunale bedrifter om at minimum 20 prosent av dei tilsette skal vera lærlingar.
• Redusert arbeidsgjevaravgift for lærlingar, alt etter kvar i læreløpet lærlinga er