Opnar for folkehøgskule på Svalbard
– Folkehøgskulane har lange tradisjonar i Noreg. Regjeringa foreslår i statsråd å opne for at det kan godkjennast folkehøgskule også på Svalbard, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Høyringsforslaget om å endre folkehøgskulelova slik at ho også dekkjer Svalbard har fått brei støtte.
– Det er viktig for regjeringa å leggje til rette for ny aktivitet og nye arbeidsplassar på Svalbard. Vi er kjent med at aktørar i lokalsamfunnet har sett i gang planar om å få starte ein folkehøgskule på Svalbard, og at arbeidet er støtta av Longyearbyen lokalstyre, seier Sanner.
Viss lovforslaget vert vedteke av Stortinget denne våren, vil departementet fastsetje ein ekstraordinær søknadsfrist slik at det kan søkjast om godkjenning av folkehøgskule på Svalbard for oppstart hausten 2019.