Haakon Magnus: – Berre klin til

Kronprisen slår eit slag for høge ambisjonar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kronprins Haakon Magnus opna ungdomskonferansen "Respekt" i Drammen onsdag.

– Eg har lyst til å seia dykk det i dag, at uansett så er det aller viktigaste å faktisk ta val. Å vera medviten til kva ein brukar livet sitt til. Me lever i ei verd av moglegheiter, og me treng at kvar enkelt av oss gjer det me kan for å få verda i ei positiv retning. Og eg har lyst til å slå eit slag for høge ambisjonar. Det trur eg er kjempebra å ha høge ambisjonar. Så berre klin til når de set dykk mål, helsa han dei frammøtte.

Høge ambisjonar = klimamedviten
På konferansen blei det presentert ei stor undersøking av ungdom i Buskerud. Ifølgje undersøkinga er dei mest optimistiske ungdommane med høgaste utdanningsambisjonar òg dei som i størst grad trur på klimaendringane. Dei er òg dei osm trur de kan gjera mest med klimaendringane, og har mest tilru til statsminister og politi.

Tre av fire ynskjer å ta meir utdanning. Miljøoptimistene, som opplever at dei kan gjere noko med miljøet, er meir motivert for å ta meir utdanning enn andre. Dei som er busett i dei minst sentrale kommunane har lågare motivasjon.

LES OGSÅ: Ungdom: – Lokalpolitikarar veit lite om oss

Dei som ikkje trur dei kan påverke miljøet ynskjer i mindre grad å ta utdanning, har i mindre grad venner med annan etnisk bakgrunn, snusar og drikk temmeleg ofte. Ungdom med innvandrarbakgrunn trivst dårlegare på skulen, er meir bekymra for ikkje å få jobb og kome inn på den skulen dei ynskjer, har oftare søvnproblemer, har lågare tillit til politiet og brukar Facebook mindre.

Framsnakka systera
Kronprinsen fekk stor merksemd då han nytta høvet til å byrja å "framsnakka" systera si, Märtha Lovise, som i det siste har fått mange åtvaringar mot å snakka med dei døde i samband med den såkalla Engleskulen hennar.

RESPEKT! – Kronprinsparet ankommer from Markus Dahlmann Sanden on Vimeo.