Lovande japansk influensapille kan komme til Noreg
Japanske Shinogi & Co har utvikla ein ny pille som ifølgje firmaet tar knekken på influensa på eitt døgn. Medisinen kan komme til Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ny influensapille skal ta knekken på influensa på eitt døgn
Medisinen er forventa å vere på marknaden i Japan allereie i mars, skriv Bloomberg. Ifølgje avisa skal firmaet søke godkjenning i USA og Europa i sommar, og medisinen kjem derfor i hyllene tidlegast neste vinter, skriv NRK.
– Dette er eit legemiddel som skal ha felles godkjenning i heile Europa. Blir det godkjent i Europa, kjem det også til Noreg, seier Steinar Madsen, medisinsk fagdirektør i Statens legemiddelverk, til rikskringkastaren.
– Spennande
Han skildrar legemiddelet som spennande, men understrekar at legemiddelverket førebels veit altfor lite for å kunne seie noko heilt definitivt om verknaden og biverknadane.
Medisinen som tidlegare har vore kjent som S-033188, fekk ifølgje Bloomberg førebels godkjenning i Japan førre veke.
LES OGSÅ: Google avslører epidemiar tidlegare
Betre effekt enn Tamiflu
Karoline Bragstad, fungerande avdelingsdirektør for influensaavdelinga ved Folkehelseinstituttet, seier ho har gode forhåpningar til medisinen. Medisinen skal gi effekt for både influensa A og influensa B og har i kliniske forsøk vist seg å ha betre effekt enn Tamiflu, opplyser Bragstad.
– Dei fleste land har berre eitt eller to tilgjengelege antivirale medikament mot influensa. Ved behandling over fleire dagar, er det risiko for utvikling av resistens. Nye medikament med andre verkemåtar enn dei vi har i dag, er derfor kjærkomne, seier ho.
(©NPK)