Kven fekk ungdom til å føla seg verst i 2017?

Her er dei nominerte til årets Gullbarbie!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 20.03.2018 11:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart år kårar ungdomsorganisasjonen Press årets Gullbarbie, ein pris til den reklame- eller medieaktøren som er best på å få ungdom til å føla seg verst gjennom seksualisert og einsidig reklame som spelar på gamle kjønnsroller.

Prisen blir kåra gjennom avstemming på nett og på stemmesetlar i kampanjeperioden, som i år er 12. februar til 19.mars.

Dei nominerte

Årets nominerte er plukka ut etter at Press har motteke over 850 nominasjonar. Eit utval ungdomar frå heile landet har deretter røysta fram dei tre kandidatane som fortener å nominerast til årets pris.

Dei nominerte er:

Bik Bok for framstillinga si av  einsidige ideal for å selja klede til unge jenter. I 2017 hadde Bik Bok store reklameplakatar som var umogleg å unngå i bybiletet. Dei einsidige ideala vert gjenspegla i klesstorleikane, ved at dei ikkje har storleikar for eit mangfald av kroppar.

Gillette Venus fremjar ein einsidig kropp- og skjønnheitsideal for å tena pengar på barbering. Dei retusjerer modellar i reklamane sine og viser fram barbering av hud som allereie er hårlaus og skapar unaturlege forventingar til kropp og eit forvrengt bilete av kroppshår.

Comfyballs viser berre éin type kropp, og spelar på gamle kjønnsroller og unødvendig seksualisering for å selja undertøy. Dei skapar unødvendig stort press rundt kropp for unge gutar. Comfyballs driv aktiv marknadsføring retta mot ungdom i sosiale medium.

– Ikkje meininga

Comfyballs-gründer Anders Selvig seier til Framtida.no at det er beklageleg om dei har skapt auka kropppress blant unge.

– Det er på ingen måte noko me er ute etter å oppnå. Vi har ingen salsaktivitetar retta mot ungdom, alt me gjer rettar seg mot folk over 18 år.

Han meiner at dei bruker eit stort spenn av modellar på bilda våre med både ulike kroppar og etnisitetar.

– Me bruker ikkje fotomodellar, men up and coming folk over 20 som er gode i idrettane sine. Bileta våre er heller ikkje manipulerte for å endra kroppsfassong eller liknande. Folk som er aktive og satsar i idretten sin har lite valkar og skrukkar, skriv Selvig i ein epost til Framtida.no, og legg til:

– Me er eit lite, nystarta norsk selskap og har ikkje all verdas ressursar. Me prøver berre å gjera vårt beste med eit glimt i auget. Likevel, kroppspress er eit alvorleg tema og me tar ikkje lett på dette. Me skal difor tenkja oss ekstra nøye om framover med dette i bakhovudet når me tar nye bilde til kampanjar, avsluttar Selvig.

Har jobba med storleik i mange år

Emma Hedman, marknadssjef i Bik Bok, synest det er bra at nominasjonen set eit viktig tema i fokus.

– I Bik Bok har me jobba med storleiksproblemtikken i mange år. Storleikane våre skal vera relevante for målgruppa vår, som er alle jenter i alderen 16-25 år. Me får mange positive tilbakemeldingar på storleikane våre, men når me no opplever at nokon blir lei seg og opplever seg ekskludert, er det noko me må sjå nærmera på.

– At me framstiller einsidige ideal for unge jenter er me ikkje samde i. I kommunikasjonen vår, ser du flotte jenter, med ulik fasong og storleik. Kommunikasjonen vår er laga for jenter av jenter, avsluttar Hedman i Bik Bok.

KOMMENTAR: «Det er på tide å skape ein elsk-kroppen-din-revolusjon!»

Gillette: Full respekt for å velja å barbera seg

Etter nokre dagar svarar Carsten Carlsson i pr-byrået Hill+Knowlton på vegne av Gillette Venus.

– På Gillette Venus har vi alltid trudd på høvet til å kunna velja. Å velja om ein barberer bort hår, berre litt, alt eller ikkje noko, er ein personleg preferanse som me har full respekt for. Men me veit òg at høvet til å barbera seg og dermed framheva huda si hjelper dei fleste kvinner til å bli meir sjølvsikre. Som er ein viktig grunn til at kvinner i milliontal barberer seg.

– Me er eit selskap som forstår kvinner og unge jenter og me nyttar innsiktene våre for at kjønnsfordomar skal synleggjerast og set i gang samtalar som skal skapa forventningar og motivera til forandring. Difor er me naturlegvis leie oss for at Gillette Venus blir vist i ein samanheng som me ikkje reknar som fortent. Den som kjenner Procter & Gamble ser at me strevar etter å bygga ei betre verd for oss alle fri frå kjønnsfordomar og med like rettar for kvinner og menn.

Leiar i Press, Øystein Kolstad Kvalø. Foto: Press

– Ein pris å skamma seg over

Dei tre kandidatane skal no røystast på av norske ungdomar før det blir kåra ein endeleg vinnar av den vesle gjæve prisen. Leiar i Press, Øystein Kolstad Kvalø seier dette er ein pris ein burde skamma seg over å bli nominert til.

– Sjølv om det er éin som går ut av konkurransen som best på å få unge til å føla seg verst, så har alle dei tre nominerte utmerkt seg som verstingar. Dei burde skamma seg over måten dei får unge til å føla seg dårleg på.

– I dag blir unge bombardert med reklame på bussen og trikken, og ikkje minst gjennom telefonen sin. Mykje av denne reklamen viser fram dei same ideala og seksualiserte bodskap som byggjer opp under gamle kjønnsrollemønster. Stadig fleire unge slit med dårleg psykisk helse, og me veit at det finst ein samanheng mellom kroppspress og psykiske plager. Difor må me sørgja at for dei som har skulda faktisk tek ansvar, seier Øystein Kolstad Kvalø.

LES OGSÅ: Kroppspresset gjeld også menn

KOMMENTAR: Det er vårt ansvar å vera stygge, slik at andre kan føla seg trygge

LES OGSÅ: Kristine Ullebø: – Eg bygde eit varemerke på å vere tynn