For naturen vil til slutt ta oss, naturen er utålmodig. Ho har blitt jaga ned før
Denne låten er ei lita bok av historier.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ein låt eg likar: Buoy av The Joy Formidable
Ein dag kom typen heim frå ei filmvising og sa: «Det er ein song du må høyre, som eg trur du vil like.» Han hadde sett ein snowboardfilm der Buoy var ein av songane på soundtracket, og undersøkt bandet etterpå.
Låten starta roleg, og eg var spent på kva som kom.
All the things you like
Guided by their charms
Behind them safely store
Wrap your greedy arms around them all
Denne mystiske teksten høyrer til eit mystisk band med ein mystisk tittel. Kva «buoy» er veit eg ikkje (og eg klarer aldri å hugse tittelen på låten når eg googlar han på nettet). Men eg tolkar dette første verset som ein kritikk mot materialismen, og saman med neste vers tenker eg litt på egoismen og dumskapen i mennesket:
Sail don’t try to steer just sail
You can be hell of a force with the button to a broken man
Eg veit ikkje kvifor, men eg tenkte med ein gong på Donald Trump og atom-knappen når eg høyrte dette. Trump som styrer ei skute utan ei retning. Låten kom ut før Trump vart president, men «mannen med atomknappen» kan jo også vere visse andre menn med makt i verda.
Because
You know I’m impatient
I’ve been hounded down before
The diving bell keeps surfacing
It doesn’t ring anymore
Det eg liker med denne songen, er dei ulike forteljingane i teksten og variasjonane i det musikalske. Koringa, effektane og temposkiftet skapar ein interessant låt. Tempoet og kraften i songen gjer han perfekt for treningsmusikk (tilrådes til tunge armhevingar). I tillegg har eg ei forkjærleik for rockemusikk med kvinneleg vokal.
The grasping is hand is never full
And the perfect life is just damaged goods
And you should have talked and you should talk too
Because in twenty years you’ll be a mute
Kanskje handlar låten om det grådige i mennesket, og korleis vi alltid vil ha meir, men at det perfekte ikkje er nytt, men derimot «brukt.» Dette burde vi ha snakka imot, men vi snakka ikkje, og derfor dør vi. For naturen vil til slutt ta oss, naturen er utålmodig. Ho har blitt jaga ned før.
Kanskje er det vi som er i dykkerklokka, og aldri kjem oss ut?
Fakta The Joy Formidable
- Alternativt rockeband frå Wales som starta i 2007
- Låten Buoy kjem frå debutalbumet The Big Roar (2011)
- Bandet består av Rhiannon “Ritzy” Bryan på vokal og gitar, Rhydian Dafydd (bass, vokal) og Matthew James Thomas.
- Bandet har gitt ut tre album: The Big Roar, Wolf´s Law (2013) og Hitch (2016).