Pelsdyr-avvikling har små ringverknader
Om ei avvikling av pelsdyroppdrettet her til lands rammar produsentane, blir konsekvensane svært små for dei som lagar og sel klede av pels her til lands, skriv Nationen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Klesbutikkane i Noreg sel i svært liten grad norske pelsprodukt. Rundt 98 prosent av mink- og revepelsane som blir produserte i Noreg, går til eksport.
– Vi kjøper ferdige plagg frå utanlandske leverandørar. Viss vi skal snakke om kor skoen trykkjer i bransjen, så er det at det ikkje er nokon som vil ta over etter oss som driv no. Bransjen er snart borte, seier leiar Morten Ø. Klemp i Pelsinform – Pelsbransjens hovudorganisasjon.
Heller ikkje i Abelia, NHOs foreining for kunnskaps- og teknologibedrifter, blant anna motedesign-bedrifter, er dei opptatt av den varsla avviklinga av pelsdyrnæringa.
– Det er så å seie ingen norske klesprodusentar som bruker pels, så vår bransje kjem ikkje til å merke nokon forskjell, seier Gisle Mardal i Abelia til Nationen.
Høgre, Frp og Venstre har i regjeringsplattforma gått inn for ei styrt avvikling av pelsdyrhaldet i Noreg. Fleire har likevel reagert på dobbeltmoralen i det å forby pelsdyroppdrett, men samtidig tillate import av pelsprodukt.
Regjeringa har likevel ingen planar om å foreslå eit importforbod, stadfestar landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) overfor Nationen.
- LES OGSÅ: Pelsdyrnæringa skal avviklast