Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fødd: 1950
Har skrive: Donna Q (1995), Roma AmoR (2004), Eg er på veg (2006) er mellom nokre av ungdomsromanane. Har gitt ut ei rekkje bøker for barn, ungdom og vaksne.
Kva hjelpemidlar har du glede/nytte av som forfattar:
Biblioteket så klart, internett, datamaskina mi, kloke og kunnskapsrike vener og mitt eige hovud – fullt av erfaring, minne og rare idear.
Brukar du musikk til arbeidet, og i så fall kva:
Heilt stille.
Ditt/dine gode råd eller tips til forfattarspirer:
Alle forfattarar må finne sine eigne måtar å utvikle språket sitt og arbeidsmetodane sine. Men det viktigaste er å lese gode bøker, trur eg, også bøker som kan verke litt sære og vanskelege til å begynna med. Dikt du ikkje forstår kan gi fine språklege opplevingar du tar med deg vidare på måtar du ikkje veit. Og så må du ikkje vere redd for å forandre det du skriv til det betre!