Ny regjering vernar Lofoten og avviklar pelsdyrnæringa
Blir møtt med jubel frå Natur og Ungdom og NOAH.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Høgre, Framstegspartiet og Venstre er blitt samde om å danna ei ny regjering saman. Under ei pressekonferanse på Hotell Jeløya Radio utanfor Moss presenterte dei i dag politikken dei vil føra dei neste åra.
Eitt av punkta partia er blitt samde om, er å ikkje opna havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja for leiting eller utvinning av olje og gass i denne stortingsperioden. Også Jan Mayen, iskanten, Skagerrak og Mørefelta skal enn så lenge vernast mot oljeaktivitet.
Sjette gong på 17 år
Det sender jubelen i taket hos Natur og Ungdom:
– Dette er sjette gong på 17 år at den folkelege motstanden mot oljeboring vinn fram, sjølv om fleirtalet av politikarane vil ha olje. No ventar me at denne saka er vunnen éin gong for alle, og at det blir starten på at sårbare område blir oljefrie soner og at vi lar den norske olja bli i bakken, sier Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.
Arbeidarpartiet ser derimot raudt:
– Regjeringa sviktar oljenæringa, og det er liten tvil om at den vesle tilliten Frp og H hadde i forhold til oljepolitikk, er forsvunne med ny regjering, seier oljepolitisk talsperson i Ap, Hege H. Liadal, ifølgje NRK.
Forbyr pelsdyroppdrett
Ei anna, kanskje meir overraskande nyhende i Jeløya-plattformen er at regjeringa lovar å gjennomføra ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa. Eksisterande pelsdyrfarmar skal få sju år på seg før dei må stengja dørene. Dei skal også få økonomisk kompensasjon, lovar regjeringa.
Dyrerettsorganisasjonen NOAH jublar slik på Twitter:
JAAA – VI KLARTE DET! Etter 28 års kamp for pelsdyrene kan vi endelig si: PELSDYROPPDRETT BLIR FORBUDT!
NOAHs arbeid virker! Hjelp oss videre – bli medlem: https://t.co/rQWENsXTGN pic.twitter.com/C0lHJTAnf0
— NOAH dyrsrettigheter (@NOAHaktiv) January 14, 2018
Tut og køyr
Naturvernforbundet er på si side skuffa over det dei omtalar som «framleis tut og køyr for motorvegar» i Jeløya-plattformen.
– Regjeringa vil halda fram kursen med å asfaltera Noreg raskare gjennom omfattande motorvegutbygging, til skade for natur, friluftsområde, klima og luftkvalitet, seier leiar Silje Ask Lundberg i ei pressemelding.
Ho sender ei klar forventing til den nye regjeringa:
– Flytrafikken bør begrensast, og mindre forureinande alternativ, som tog, bør prioriterast framfor veg og fly.