Erling og Magnus har aldri opplevd normalt klima
Erling Løklingholm Leivestad (16) og Magnus Hovland (16) er opptatt av miljø og klima, og synest det er interessant å høyra om kva som kan gjerast for å kutta klimautslepp.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Temperaturen på jorda har auka med éin grad sidan 1800-talet, og farten aukar. Mest aukar temperaturen i nord. Klimaforskar Kikki Kleiven er utdanna geolog, og seier at me i dag er inne i ein ny tidsalder for jorda, som blir kalla antroposen. Det er tidsalderen der det er menneska som påverkar klimaet og livet på jorda.
No i vår er ho og dagleg leiar i Norsk Klimastiftelse Lars-Henrik Paarup Michelsen på turné i Hordaland for å setja søkelys på klimaendringane.
Klimaendringar på Vestlandet
Då Kleiven spurte dei eldre i salen om dei hadde opplevd klimaendringar, så var det mange som rakk opp handa og fortalde om meir snø før.
– Her er jo ikkje skøyteis på vatna lenger, sa ein annan.
Dette er nokre av klimaendringane som viser seg på Vestlandet, saman med meir flaum og meir intenst nedbør.
– Eg kan hugsa at det oftare var snø før, seier Magnus Hovland (16). Han var på klimamøtet saman med geografiklassen sin.
– Inspirerande løysingar
Magnus Hovland og Erling Løklingholm Leivestad seier dei synest det var interessant å høyra om kva løysingar som finst for å møta klimaendringane. Kikki Kleiven fortalde blant anna om at Universitetet i Bergen hadde klart å redusera energibruken med nær 90 prosent.
– Det var skikkeleg stilig, seier Erling.
Gutane trur Stord må omstilla seg frå olje til andre næringar i framtida, og håpar det vil gi fleire nye arbeidsplassar.
– Me må satsa meir på havet, seier Erling.
Sagt i debatten
Tora Haslum Myklebust frå Maritime CleanTech:
– Sunnhordland har mange spydspissprosjekt. Dei fleste har sett ferja med trådlaus lading som går over Langenuen. Me har verdas første elektriske offshore-fartøy og fiskebåtfartøy, og me har passasjerbåtar og lastefartøy med nullutslepp på trappene. Det er ekstremt mykje som skjer gjennom samarbeidet her.
Liv Kari Eskeland (H), energi- og miljøkomiteen på Stortinget
– Det er innovasjonskompetansen som me sit på her i regionen som kan vera mogleg å endra verda. Me kan vera med på å utvikla teknologiane som får oss over i det grøne skiftet