Bekymra for unge asylsøkarar som forsvinn

Når ungdommar forsvinn frå norske asylmottak, blir dei ikkje leita etter og teke vare på som norske ungdommar blir. Det gjer at dei er sårbare for misbruk og menneskehandel. Det vil organisasjonen Freethem gjere noko med, og har det siste året hatt kampanjen #myRights.

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange unge flyktningar går på gata i Athen og prostituerer seg i desperasjon for å få pengar til å komme seg vidare. Å oppleve noko sånt er ei så stor belastning for dei at dei ofte byrjar med narkotika. Då går pengane til det, og dei kjem seg ingen stad.

Det seier Ragnhild Lindahl Torstensen som jobbar i Freethem.

Fokus på einslege mindreårige asylsøkarar

Freethem er ein frivillig ungdomsorganisasjon som jobbar mot menneskehandel. Det siste året har dei hatt ein kampanje som heiter #myRights. Der har dei sett fokus på tryggleiken til einslege mindreårige asylsøkarar. Undervegs har dei òg samarbeidd med organisasjonen Press.

– Fleire rapportar har vist at einslege mindreårige asylsøkarar er veldig sårbare for å bli utnytta, og både Kripos og barneombodet har meldt bekymring over at det ikkje blir fulgt opp at barn forsvinn her i landet. Borna slit psykisk og det er auka fare for sjølvmord, seier Torstensen.

Berre i Noreg har det forsvunne fleire hundre unge asylsøkarar. Lova om at mindreårige asylsøkarar har opphaldsløyve berre fram til dei blir atten, gjer at mange som bur på asylmottak blir borte når dei nærmar seg aldersgrensa.

Barn og ungdom har rett på å bli beskytta

– Vi meiner at regjeringa legg til rette for at gruppa blir spesielt sårbar. Når dei hamner i ein situasjon der dei må klare seg på eiga hand, er det stor sjanse for at dei blir utnytta. Stadig fleire rapportar viser dette, seier Torstensen.

Ho minner om at barn har krav på å bli beskytta, gjennom barnekonvensjonen. I kampanjen har dei stilt fleire krav om at politikarane må komme på banen.

Krev handling

I løpet av året har Freethem fokusert på å informere og å krevje handling. Dei har reist rundt på skular og fortalt barn og ungdom om temaet.

– Vi har stor tru på at ungdom kan vere med og skape forandring. Difor er det viktig å spreie kunnskap. Vi ønsker òg ei bevisstgjering i forhold til dei vala ungdom tar. Vi vil bevisstgjere dei rundt at dei har mykje forbrukarmakt, seier Torstensen.

Før jul hadde dei eit frukostseminar der Press, Norsk Organisasjon for Asylsøkarar, og Vergeforeininga Følgesvennen var med. Dei har òg oppfordra til å dele bilde på sosiale media med hashtaggen myRights.

Ein plakat med bilde frå denne hashtaggen skal overleverast til barneombodet i neste veke. Det skal markere slutten på kampanjen, men òg oppfordre barneombodet til å stå på vidare for desse ungdommane.

Fakta

*UDI melder om at 467 barn har rømt frå norske asylmottak mellom september 2016 og september 2017. 269 av desse barna er i dag fortsatt forsvunne.

*Våren 2017 kom ProSentret med rapporten “Mistanke og magefølelse” som fortel om asylbarn i Norge som sel/bytter sex for å overleve eller fordi dei er
offer for menneskehandel.

*Ein fersk rapport fra UNICEF viser at 77% av alle barn og unge som flykter
frå Sør til Europa via den sentrale Middelhavsruta blir utsette for seksuelle overgrep og/ eller menneskehandel.