YouTube tek opp strøyme-kampen

I mars lanserer YouTube ei ny abonnementsbasert musikkteneste som skal konkurrere med mellom anna Spotify og Apple Music.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det betyr at endå ein tøff konkurrent kjem inn i den veksande, men likevel økonomisk tapande marknaden, skriv Aftenposten.

Strøymetenester som Spotify, Apple Music, Amazone Music, Tidal og fleire andre tapar stadig store summar, trass i at dei får fleire og fleire abonnentar. I 2016 tapte Spotify 4,5 milliardar svenske kroner.

YouTube har den siste tida skrive avtalar om lisensiering og bruk av musikk frå store plateselskap som Sony Music, Warner og Universal, ifølgje Music Business Worldwide.

johanne@npk.no