- Nyss fann eg ei kladdebok kor det stod "Dikt for Hilde Myklebust 10 år". Eg har vist alltid skrive mykje og var tidleg mota på å bli forfattar. Seinare vart det ikkje rett å seia det nett slik, men eg følgde eit slags skrivespor gjennom folkehøgskulen, litteraturvitskap, teatervitskap og seinast Skrivekunstakademiet i fjor.
Men korleis hadde det seg då at ho pensa inn på dikt?
- Etter som eg fekk tid på meg, såg eg at skrivinga mi forma noko og det byrja losna for meg etter kvart. Eg vann ein pris under Olav H. Hauge-dagane i Ulvik, og då fekk eg vel eit spark bak.
Hilde Myklebust hadde eit nesten ferdig manus klart, og etter noko meir bearbeiding sende ho det til Samlaget. Derfrå gjekk det fort.
- Tilbakemeldinga frå forlaget var at dette manuset verka veldig gjennomarbeidd, og me trengte ikkje gjera store endringar før det var klart for utgjeving. Eg vart nesten litt svimmel, så fort gjekk det, men det var kjekt og. Etter at manuset var antatt hjå forlaget oppsto det ho kallar eit ventevakuum. - Ein dett litt av når forlaget jobbar med sitt, då har ein ingen funksjon før boka kjem ut.
Ho hadde hatt ei førestilling om korleis det skulle bli å debutere.
- Før tenkte eg på det med å gje ut bøker som noko litt rosenraudt, men etterkvart som det nærma seg såg eg litt annleis på det. Det var litt skummelt å tenka på at kven som helst kunne lesa dikta mine og ha ei høgst personleg meining om dei. Beretninga er jo så personleg for meg.
Når alt kom til meiner ho at det har vore ei god oppleving, det å debutera. Forlaget var tilstades og stødde opp om henne utan at ho opplevde noko press frå deira sida.
- Det har vore kjekt.
Om innhaldet i "Berre dagar seinare" har ho dette å seie:
- Du kan nok lesa bok like mykje som ein punktroman som ei diktbok. Det handlar om å vera i historia, om å delta i noko større enn seg sjølv, noko ein ikkje kan springa frå.
Kulissane i boka er gardslivet og slektsbanda.
- Det er ei underliggande historie her. Det handlar om å vera eit ledd i ei lengre lenke.
Sjølv karakteriserer ho seg som ei enkel landsens jente, og dette meiner ho speglar seg i dikta hennar.
- Eg har stor sans for det lågmælte, for dei små tinga som speglar dei store.
"Berre dagar seinare" handlar ikkje så mykje om kvinner som ein kanskje skulle tru.
- Det har berre blitt slik, det er no ein gong mennene som har drive denne garden. No, når eg har tatt over, tek historia ei ny retning. Det har ikkje vore gjort før, dette.
Så blir Hilde Myklebust linja som skrår ut, som ho kallar det.
- Eg likar kontrasten i det.
Hilde Myklebust har skrive om kjærleiken til jorda, om arv og om skuggar frå fortida - i diktform og med pennen godt planta i den jorda ho snakkar så varmt om. Sjølv er ho 26 år og har tatt over heimagarden i Syltedalen på Sunnmøre kor ho har sauer og åker - og ei lang slektsline å sjå tilbake på. I vår debuterte ho med diktboka "Berre dagar seinare".
Framtida
Publisert Oppdatert 01.01.2018 18:01
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Nyss fann eg ei kladdebok kor det stod “Dikt for Hilde Myklebust 10 år”. Eg har vist alltid skrive mykje og var tidleg mota på å bli forfattar. Seinare vart det ikkje rett å seia det nett slik, men eg følgde eit slags skrivespor gjennom folkehøgskulen, litteraturvitskap, teatervitskap og seinast Skrivekunstakademiet i fjor.
Men korleis hadde det seg då at ho pensa inn på dikt?
– Etter som eg fekk tid på meg, såg eg at skrivinga mi forma noko og det byrja losna for meg etter kvart. Eg vann ein pris under Olav H. Hauge-dagane i Ulvik, og då fekk eg vel eit spark bak.
Hilde Myklebust hadde eit nesten ferdig manus klart, og etter noko meir bearbeiding sende ho det til Samlaget. Derfrå gjekk det fort.
– Tilbakemeldinga frå forlaget var at dette manuset verka veldig gjennomarbeidd, og me trengte ikkje gjera store endringar før det var klart for utgjeving. Eg vart nesten litt svimmel, så fort gjekk det, men det var kjekt og. Etter at manuset var antatt hjå forlaget oppsto det ho kallar eit ventevakuum. – Ein dett litt av når forlaget jobbar med sitt, då har ein ingen funksjon før boka kjem ut.
Ho hadde hatt ei førestilling om korleis det skulle bli å debutere.
– Før tenkte eg på det med å gje ut bøker som noko litt rosenraudt, men etterkvart som det nærma seg såg eg litt annleis på det. Det var litt skummelt å tenka på at kven som helst kunne lesa dikta mine og ha ei høgst personleg meining om dei. Beretninga er jo så personleg for meg.
Når alt kom til meiner ho at det har vore ei god oppleving, det å debutera. Forlaget var tilstades og stødde opp om henne utan at ho opplevde noko press frå deira sida.
– Det har vore kjekt.
Om innhaldet i “Berre dagar seinare” har ho dette å seie:
– Du kan nok lesa bok like mykje som ein punktroman som ei diktbok. Det handlar om å vera i historia, om å delta i noko større enn seg sjølv, noko ein ikkje kan springa frå.
Kulissane i boka er gardslivet og slektsbanda.
– Det er ei underliggande historie her. Det handlar om å vera eit ledd i ei lengre lenke.
Sjølv karakteriserer ho seg som ei enkel landsens jente, og dette meiner ho speglar seg i dikta hennar.
– Eg har stor sans for det lågmælte, for dei små tinga som speglar dei store.
“Berre dagar seinare” handlar ikkje så mykje om kvinner som ein kanskje skulle tru.
– Det har berre blitt slik, det er no ein gong mennene som har drive denne garden. No, når eg har tatt over, tek historia ei ny retning. Det har ikkje vore gjort før, dette.
Så blir Hilde Myklebust linja som skrår ut, som ho kallar det.
– Eg likar kontrasten i det.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.