«Vi må halda fram kampen heilt til alle kvinner kan vera frie og trygge»
SU-leiar Andrea Sjøvoll om det som har gledd ho mest og skuffa ho mest i 2017, og håp for 2018.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Ekstremt småleg
– Kva har gledd deg mest i 2017?
– At SU vart kåra som vinnaren av skulevalet var jo utruleg stas! Det viser at ungdom ynskjer ei ny retning for norsk politikk, ein ambisiøs klimapolitikk og ein skule som ser alle elevar. Dette gjev håp for framtida.
– Kva har skuffa deg mest i 2017?
– Den smålege urettferdigheten som fører til auka skilnader i makt og rikdom. At dei rikaste gong på gong får gåvepakkar, men dei som har minst mistar endå meir. Eit av døma som skuffa meg dette året var saka om pleiepenger til foreldre med alvorleg sjuke barn. Det desse foreldra skal ha er økonomisk tryggleik slik at dei kan gje borna den tryggleiken dei treng. At enkelte politikarar og parti ikkje vil la desse foreldra vera heime med borna sine utan å tapa økonomisk på dette synst eg er ekstremt småleg.
– Kva er det største ønskjet ditt for 2018?
– Ønsket mitt er at politikarar, arbeidsgjevarar, rektorar og lærarar tar til seg alle historiene vi har høyrt i løpet av hausten og faktisk endrar praksis knyta til seksuell trakassering. Alle dei kvinnene som har stått fram og fortalt historia si skal ikkje ha gjort det forgjeves, vi må halda fram kampen heilt til alle kvinner kan vera frie og trygge.
– Kva bok vil du anbefala andre å lesa i romjula?
– Personleg håpar eg at «Jeg nekter å tenke» av Lotta Eldstad ligg under juletreet. Ein feministisk komedie om verdas forsøk på å ta kontroll over kvinnekroppen gjennom å avgrensa høvet til abort. Trur absolutt det er fleire som har godt av å lesa den sida av saka.