Vil ta eit oppgjer med bemanningsbransjen

Raud Ungdom-leiar Linn-Elise Øhn Mehlen har eit anstendig arbeidsliv som sitt største ønskje for 2018. Les kva som har gledd og skuffa ho mest i 2017!

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kva har gledd deg mest i 2017?

– At Raud Ungdom igjen hadde sommarleiren vår på Utøya i sommar. Det var utruleg fint å sjå øya full av RUarar som dansa på konsertar, såg på bokbad, høyrde på innleiingar og diskuterte i ei veke.

– Kva har skuffa deg mest i 2017?

– Det at sjølv om Raudt kom inn på Stortinget fekk vi fire nye år med ein mørkeblå regjeringa som tek Noreg i feil retning.

– Kva er det største ønskjet ditt for 2018?

– Eit anstendig arbeidsliv, med gode og trygge løns- og arbeidsvilkår. Difor skal vi ta eit oppgjer med bemanningsbransjen, og eg håpar Raudt får fleirtal for forslaget vårt om å forby bemanningsbransjen i Oslofjordområdet. Pluss at eg står på den siste eksamenen min frå vidaregåande og får vitnemål.

– Korleis synest du Raudt har markert seg på Stortinget så langt?

– Kjempebra, Raudt har levert 100 endringsforsalg til statsbudsjettet som blant anna tek eit oppgjer med forskjells-Noreg og stoppar velferdsprofitørane. I tillegg har Raudt klart å markera seg i viktige saker som mot auke av sukkeravgifta.

– Kva vil Raud Ungdom utfordra Bjørnar Moxnes til å ta opp i Stortinget?

– Eg vil at Raudt skal halda fram å setja seksuell trakassering på dagsorden, og følgje opp dei forslaga vi har fremja. Det trengst fleire tiltak mot dette i arbeidslivet som krev politisk handling.

– Kva bok vil du anbefala andre å lesa i romjula?

– Eg gler meg til å lesa Lotta Elstad si bok Jeg nekter å tenke i romjula, det er ein morosam og mørk roman som blant anna handlar om abort, så den vil eg òg anbefala til andre å lesa.