Lothepus er årets medienamn

Kampanje-lesarane har stemt fram Leif Einar «Lothepus» Lothe som vinnaren av Årets medienamn.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Også tidlegare Aftenposten-journalist Ragnhild Ås Harbo, som stod fram med sin #metoo-historie, og Aleksander Schau, som varsla om seksuell trakassering i TV 2, sanka stemmer, og kom på andre- og tredjeplass.

Det er 11. år på rad Kampanje kårar Årets medienamn. Redaksjonen plukka ut ti kandidatar, som lesarane har stemt over. Nærmare 5.000 stemmer kom inn. Dei tre som kom på dei første plassane stakk av med over 80 prosent av stemmene.

Flest stemmer fekk altså Leif Einar «Lothepus» Lothe, som vann «Farmen kjendis» og som har versert hyppig media i året som har gått.