«Du grøne, glitrande plastjuletre god dag»
I år er det juletre i plast som gjeld, skal vi tru ei ny undersøking. Den viser også at yngre heng opp julepynten tidlegare enn andre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Unge pyntar til jul tidlegare enn andre
Saka er først publisert hjå ABC Nyheter.
– Juletre i plast sel som aldri før og har virkeleg kome for å bli, seier Per Wennerström, forretningsområdesjef for jul i varehuskjeden Rusta i ei pressemelding.
– I dag får ein plastjuletre som er fine og naturtru. Det er dessutan praktisk å sleppe å sope opp barnåler gjennom heile jula. Nokre plastjuletre kjem også med ferdig monterte LED-lys, så enklare blir det ikkje. Viss ein saknar lukta av granbar og skog kan ein jo lage masse fine andre dekorasjonar av granbar, held han fram.
To av fem går for plast
Skikken med å pynte juletre starta utandørs og i offentlege lokale i Sør-Tyskland, Sveits og den tyske hansabyen Riga på 1500-talet. Seinare spreidde skikken seg til private heim, der dei fyrste er dokumentert i det sørlige Vest-Tyskland. Det var ikkje før i 1822 at juletreet blei dokumentert for fyrste gang her i Noreg.
Få tradisjonar overlever gjennom generasjonar utan at det inntreffer nokre endringar undervegs. Levande ljos høyrer til dømes heime i historiebøkene, og no kan det verke som om treet i seg sjølv går gjennom ein «evolusjon»:
Ei undersøking Yougov gjort for Rusta, der det blir operert med 1.009 respondentar, fastslår at tre i plast tronar øvst på popularitetsskalaen når nordmenn skal ut og kjøpe juletre. To av fem svarar at dei går for plast, noko som er dobbelt så mange som dei som framleis sver til edelgran og vanleg gran.
Tradisjonell stil i førarsetet
Per Wennerström fortel at mange nordmenn framleis likar det klassiske, sjølv om dei går for plastjuletre.
– Vi ser både av undersøkinga og på salet at det først og fremst er den tradisjonelle stilen nordmenn går for, med mange detaljar i raudt og grønt. Den skandinaviske stilen er dessutan sterkt veksande i år, og interessen for kvite juletre og farga ljos har vekse kraftig frå i fjor.
Ifølge undersøkinga er det dei yngre som er mest stilbevisste, medan dei eldre ikkje bryr seg like mykje så lenge pynten ser bra ut. Ti prosent svarar at dei ikkje har juletre i sin husstand i det heile tatt.
Yngre er meir ivrig på å pynte tidleg
I likskap med julemarsipan som dukkar opp i butikkhyllene lenge før ein knapt er kome til november månad, er det også blitt vanlegare å hente fram julepynten tidlegare enn før.
Halvparten av dei spurde meiner juledekorasjonen bør opp anten i november eller tidleg i desember. Berre 23 prosent av befolkninga meiner ein skal vente til anten bittelille juleaftan eller lille julaftan.
Her er det den yngre garden som er dei ivrigaste på å starte tidlegare, medan dei eldre føretrekkjer å vente til nærmare julaftan. 53 prosent av dei over 60 år ventar med julepynten til det er ei veke eller mindre igjen til jul. Til samanlikning er det berre 22 prosent av dei under 30 som pyntar i siste liten.
Til slutt er det verdt å merkje seg at det er delt syn mellom kjønna når det kjem til kven som bidreg i å pynte heimen til jul: 46 prosent av mennene i undersøkinga svarar at dei pynter saman, medan bare 33 prosent av kvinnene svarar det same.