Rike kvinner er dømt til å bli ulykkelige
På utsida ser dei kanskje ut som om dei har alt – men kvinner som lever på inntekta til mannen er ofte djupt ulykkelige, ifølgje ei ny bok.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert for ABC Nyheter.
I seriar som «Svenske Hollywoodfruer» og «Real Housewives» lever fleire av kvinnene på inntekta til mannen og fyller kvardagen med botox, champagne og shopping.
Og sjølv om dette kanskje høyrest ut som ein deilig livsstil, er fleire av desse kvinnene dømt til å verta ulykkelige, ifølgje boka «Uneasy Street – The Anxieties of Affluence».
Gav opp karrieren
Boka har blant anna blitt omtala i Daily Mail, og vart skrive av sosiologen Rachel Sherman. Ho gjorde ei rekkje djuptdykkande intervju med kvinner i 30- og 40-åra som budde i New York og levde på inntekta til mannen.
Kvinnene ho intervjua hadde både høgare utdanning og arbeidsrøynsle, men hadde gjeve opp dette for å vere husmødre.
Mennene deira jobba for det meste innanfor finanssektoren og tente frå 3,2 til 16 millionar kroner i året.
Djupt engstelege
Gjennom intervjua ho utførte til boka, fann Sherman ut at mange av kvinnene «kjende seg djupt engstelege og skamfulle over den sosioøkonomiske statusen sin». Vidare kom det fram at kvinnene ofte anstrengde seg veldig for å visa at statusen deira var knytt til «hardt arbeid».
Fleire av kvinnene kjende òg at mennene deira ikkje sat pris på kor mykje dei gjorde i heimen og for borna deira.
– Han trur at eg sit og et Bon Bon heile dagen. Det er vanskeleg, sa kvinna som gjekk under pseudonymet «Stephanie» i boka.
Stephanie fortalde vidare at mannen hennar ofte meinte at ho brukte for mykje pengar.
Sherman intervjua òg kvinner som tente meir enn mennene dei var gift med, og her var ikkje dette tilfellet.
Når det var kvinna som tente mest, følte kvinna at ho måtte gjera alt for å få mannen til å få ei oppfatting av at han òg bidrog økonomisk i familien.
Les meir om funna til Rachel Sherman her.