Festivalsommaren er over. Skål for det, skål med te! Skåle frå sofa, under pledd. Velkommen til kosefestival for hausten.

Mette Karlsvik
Publisert
Oppdatert 08.11.2017 17:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg bur på eit loft. Loftet er i ein bygård på Torshov i Oslo. Bygården er frå 1910, og har eit loft av den typen som Christiania-bohemane hadde som atelier. Du veit; store vindauger langt der oppe. Vindauge omringa av tømmerstokkar. Big fat bjelkar som held det tunge tretaket oppe. Eit tak som slepp lyden av vind gjennom. Eit tak som er tett, som er skrått, som er flott, som har plass under seg. Mykje plass.

Det er plass til å vere seg sjølv på loftet mitt. Men her er eit tak. Det finst ei grense for kor høgt ein kan komme. Det finst nesten ikkje grenser for kor lunt ein kan sitte. Under skråtaket er det gøymestader. Det er lune krokar og kriker å gøyme seg i. Der kan ein krype inn under, med pledd, pute, bok og ei lampe som ein heng frå ein krok i skråtaket. Det er dette som er livet. Det måtte eg bli vaksen for å skjønne.

Då eg var lita, kjente eg meg aldri kul nok. Dei andre i klassa gjekk på Disco Goofy inne i ”byen” (Kristiansund). Eg var heime med far min og brørne mine. Vi skrudde på noko, spelte data, gjorde dette og hint. Men ikkje noko goofy. Det var bare snilt. Disko var sikkert snilt det også, men det visste eg ikkje. Og terskelen for å dra dit blei høgare og høgare for kvar dag eg uteblei.

Då eg blei eldre, fekk eg ei bestevenninne. Ho var kul og tøff. Vi fann på tøffe ting. Det var ikkje alltid at eg syntes det var greit. For å vere heilt ærleg, syntes eg ofte at det var skummelt.

Vi var bare tretten då vi pakka telt og primus og reiste til Molde for å bu på ”jazzcampen”. Det var jazzfestival i byen. Men vi gjekk ikkje på konsertar. Det hadde vi ikkje råd til. Dessutan var det liv nok på ”jazzcampen”. I naboteltet budde sportsredaktøren i lokalavisa heime, og i teltet bortanfor ein gut som spelte i eit band i ”byen”. Dei blei fulle og spydde. Eg var redd. Då vi var fjorten, fann venninna mi ut at vi skulle dra på Quartfestival. Tricky skulle spele, så det var klart at vi skulle dra. Det var skummelt det også, men ikkje noko i mot det å bli femten, og begynne å dra på Roskildefestivalen.

Eg var på tre roskildefestivalar. Eg hugsar det bitter-søte oppløpet før reisa. Far min som bekymra seg. Eg som bekymra meg, ikkje minst fordi far min bekymra seg. Vi pleide å kjøpe oss ”Scanrail-billettar” for å komme oss til Roskilde. Det var interrailbillettar som gjaldt for Skandinavia. Vi reiste ofte om Sverige. Fekk oss nokre dagar ekstra ferie. Vi tok oss ein dag i København. Venninna røyka noko som lukta søtt, og blei fjern for meg. Eg kjente meg aleine.

Men så fann vi ”Kristiansundscampen”, kor det var fleire folk. Stort sett var dei eldre guttar. Guttar på rundt tjue. Vi var femten, seksten, søtten desse åra på Roskilde. Vi budde i eit tynt telt midt i eit litt valdsamt Roskildefestivalområde. Vi hangla rundt, svevnlaus, småsjuk, kanskje kald og blaut, i eit framand land.  Men vi kunne kodane. Det gjaldt å drikke vatn. Heile tida drikke vatn. Og ha gode sko, mykje solkrem og fotoapparat. Vi drakk Rynkeby jus og åt baguettar. Vi kjøpte festival-stæsj.

Når eg ser attende på festivallivet, ser eg at festivalar flest er harry. Colaen er alt for dyr, maten dårleg og lyden på konsertane heilt elendig. Det er ikkje alltid tid til å justere dei tekniske tinga mellom konsertane. Resultatet kan bli at Sigur Rós får om lag same innstillingane som Beastie Boys. (Det gjer vondt å høyre på for ei jente som alltid endrar equalizeren på forsterkaren sin mellom kvar plate ho sett på!) Eg går heller på enkeltkonsertar, og helst på Rockefeller, Sentrum Scene og andre plassar kor det har vore mange, lange lydsjekkar før bandet kjem på scena.

Men, rett skal vere rett. Det finst gode festivalar der ute i jungelen. Sommaren 2008 kom eg meg endeleg til ein høgkvalitetsfestival. Rock Wercherster festival i Leuven, Belgia, er fin. Det er ein av dei største rockefestivalane i Europa. Det er i seg sjølv ikkje så kult. Men det gjer at dei har store budsjett, og får dei beste banda på line-up’en. Det beste med festivalen, er midlertid trea:

Festivalen er i ein stor naturpark. Naturparken har dei største trea eg har sett. Trea er overalt. Dei er ved scenene. Dei er i campingområdet. Vi campa under slike tre. Teltet kvilte seg liksom mot dei svære stammane. Dei sto som enorme bjelkar frå grunnen, og opp. Og over oss var eit tak. Eit tak av trekroner.

Og jau, rett skal vere rett. Eg har hatt gode erfaringer på Roskilde. Eg har hatt gode erfaringer med å presse grensene. Eg angrar ikkje akkurat på at eg trengte meg fram til scenekanten då Radiohead spelte på oransjescena på Roskilde 1997. Jau, eg var der då. Framst, mens Thom Yorke sang Creep og Bullet Proof på ein måte som fekk oss til å grine. Og eg kan ikkje seie at eg angrar at eg var der. Men bare nokre få år seinare, sto Pearl Jam på den same scena. Oransjescena, Roskilde. Det blei for trangt i mengda. Folk blei tråkka på. Dei blei tråkka til daude. Etter dette blei det sett noko fokus på valdsamheit. Det blei reist medvit om at ein del festivalar kan vere valdsame. Og dei må ikkje vere valdsame, for å virke valdsame på folk. Det har eg erfara.

No er eg vaksen. Det er godt, synes eg. Eg liker å få litt oversikt over ting. Eg ser at eg ikkje er så tøff som venninna mi. Eg ser også at det er heilt greitt. Meir enn det. Det er fint. Eg får lyst til å pakke dykk inn i pledd, gi dykk bollar og te og vise vegen til hjørna i råloftet mitt. Jau, om de var her, denne tidlege haustveka, så skulle eg ha laga ein loftfestival for dykk. Ein hjørne-festival, kor de fekk halvlitrar med te, og så mange oljelamper som de treng for å klare å lese, i tusmørkret. Og kva bøker skal ein krype under pleddet med? Jau, det kan kanskje Anita Svendheim fortelje deg denne veka. Klikk deg inn på ”meldinger”, og høyr kva ho har å seie!