Venstre vil gi 15 millionar til den psykiske helsa til studentane

Venstre la fram det alternativet statsbudsjettet sitt i dag.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I det alternative statsbudsjetta sitt vil Venstre starta ei storstilt satsing på den psykiske helsa til studentane.

Carl-Erik Grimstad er stortingsrepresentant for Venstre. Foto: Venstre

Carl-Erik Grimstad er stortingsrepresentant for Venstre. Foto: Venstre

– Eg har ein personleg inngang til dette. Ein superelev, kjempekul jente med masse venner som var eit halvt poeng unna å koma inn på medisin. Så møtte ho veggen, og var langt, langt nede, seier Carl-Erik Grimstad til Universitas.

Han sit i helsekomiteen for Venstre. Måndag la partiet fram det alternativet statsbudsjettet sitt. Der har partiet øyremerkt 15 millionar kroner til den psykiske helsa til studentane. I tillegg set dei av to millionar kroner til nettstaden slettmeg.no.

Ifølgje den siste helse- og trivselsundersøkinga blant studentar, viser det seg at kvar femte student opplever einsemd i løpet av studietida.

Venstre vil omprioritera kring ein halv milliard kroner frå den føreslåtte veksten i helseføretaka, til målretta tiltak til førebygging, spesielt innan rus og psykiatri og folkehelsetiltak.