Auke i hatkriminalitet etter Brexit-avstemninga
Kraftig auke i hatbaserte åtak på grunnlag av etnisitet og religion, viser ny rapport.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Meir hatkriminalitet etter Brexit-avstemninga
I dag la den britiske regjeringa fram ein ny rapport om registrert hatkriminalitet i England og Wales frå perioden april 2016 til mars 2017.
Tala visar ei auke på 29 prosent samanlikna med same periode i 2015 til 2016. Det britiske politiet registrerte 62,685 tilfelle av hatkriminalitet utført på grunnlag av etnisitet og religion i 2016/2017. Det tilsvarar ei auke på 27 prosent.
Brexit og terror gir auke
I følgje rapporten har hatkriminalitet oppstått hyppigare i samband med nasjonale og internasjonale terroråtak. Brexit har også forårsaka ei auke i talet på hatkriminalitet som er meld til politiet, sjå grafikken under.
Grafen var på sitt høgaste etter at ein lastebil køyrde inn i folkemengder på London Bridge i juni 2017, etterfølgt av åtaket ved Finsbury Park moské.
Fleire registrerer hatkriminalitet
Det er også registrert ei auke av hatbaserte åtak på grunnlag av seksuell orientering (27 prosent), nedsett funksjonsevne (53 prosent) og mot transpersonar (45 prosent).
- LES OGSÅ: Meiner muslimhat kan styrkja jihadistar
Rapportforfattarane meiner at den markante auka på desse områda ikkje er fordi det skjer fleire tilfelle av hatkriminalitet. Aukinga er heller forklart med politiets forbedring av identifisering og registrering av denne type kriminalitet. I tillegg har fleire meldt inn til politiet om hatkriminalitet retta mot transpersonar, personar med nedsett funksjonsevne eller på grunnlag av seksuell orientering.
Rapporten definerar hatkriminalitet som «kvar og ein kriminell handling som er oppfatta av offeret eller andre personer som motivert av fiendskap eller fordommar basert på personleg karakteristikk».
- FÅ OGSÅ MED DEG: Politiet overser hatkriminalitet mot funksjonshemma
Tilfelle av hatkriminalitet i England og Wales, 2016-2017
- 62,685 (78%) på grunnlag av etnisitet.
- 9,157 (11%) på grunnlag av seksuell legning.
- 5,949 (7%) på grunnlag av religion.
- 5,558 (7%) på grunnlag av nedsett funksjonsevne.
- 1,248 (2%) retta mot transpersonar.