Skal hindre undervass-støy
Menneskeleg aktivitet gir meir støy i havet. Miljødirektoratet skal no skaffe seg betre oversikt over omfanget og konsekvensane av undervass-støy.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi er uroa over at meir støy i havområda kan påverke dyrelivet i havet. Det er framleis store kunnskapshol om effektane. Vi ser difor vidare på behovet for tiltak mot undervass-støy, seier avdelingsdirektør Signe Nåmdal i Miljødirektoratet i ei sak på heimesidene deira.
Miljødirektoratet har vurdert behova for tiltak på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet.
– Vi har ikkje sett behov for nye reguleringar etter forureiningslova, men vi samarbeider med andre relevante styresmakter for å vidareutvikle retningslinjer, seier Nåmdal.
Viktige kjelder til undervass-støy er mellom anna seismikkskyting ved petroleumsverksemd, bruk av sonar i Forsvaret og propellstøy frå skipstrafikk.