Gjenopplivinga av den klassiske filmen til Julie Dash Daughters of the Dust.

Dubie Toa-Kwapong
Publisert
Oppdatert 13.11.2017 17:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Haustsesongen er her og no er tida komen for å krølle seg opp i sofaen med ein kopp te i hand og ein god film på skjermen. Om det er ein film du må få med deg i haust, er det Daughters of the Dust, skrive og regissert av Julie Dash. Filmen vart utgitt i 1991 og har i åra sidan vore ein favoritt blant kunstfilmentusiastar. Med referansepunkt i Lemonade med Beyonce har filmen no blitt gjenoppliva i popkulturen.

Med Daughters of the Dust hadde Dash lyst til å lage ein «autentisk afroamerikansk film» som skildra kulturen til Gullah-Geechee-samfunnet i den søraustlege delen av USA. Dash, som vaks opp i Queens i New York, har sjølv røter i denne regionen, men visste lite om han utanom den «rare aksenten» til faren hennar. Innbyggjarane i samfunnet er etterkommarar av afrikanske slavar som bur på kystområda nær Georgia, Nord-Carolina, Sør-Carolina og Florida, og på ei gruppe øyar som heitar Sea Islands.  Desse afrikanarane vart henta frå det som i dag er Vest- og Sentral-Afrika og frakta til dette området på grunn av kunnskapen og dyktigheiten med dyrking av afrikansk ris dei hadde, noko som var ei viktig handelsvare for store delar av slavehandelen.

Gullah-folket utvikla eit kreolspråk som blanda dei ulike afrikanske språka til slavane og engelsk. Ordet «Gullah», som har røter i Angola, vart opprinneleg brukt som namn for språket, men vart etter kvart eit omgrep for folkegruppa òg. Gruppa vert òg kalla «Geechee», etter Ogeechee elva i Georgia. Gullah-samfunnet vert dela i inn to grupper – «saltvatn Geechee» eller «ferskvatn Geechee» – avhengig av om dei bur på fastlandet eller på ei av øyane.

Tre generasjonar Gullah-kvinner

Daughters of the Dust tek utgangspunkt i tre generasjonar med Gullah-kvinner i familien Peazant som bur på øya St. Helena i 1902. Delen av øya familien held til på heitar Igbo Landing etter massesjølvmordet i 1803 av slavar frå Igbo-folkegruppa i det som i dag er Nigeria.

Forteljaren i historia er den ufødde dottera til Eula Peazant, ei nyleg gift dotter i familien. Eula, ektemannen hennar, Eli og fleire andre i familien er i ferd med å avgjere om dei vil forlate Igbo Landing for å flytte til fastlandet. Matriarka i familien, Nana Peazant, har ei kraftig tilkopling til den afrikanske kulturen, formødrene og forfedrane, og til øya. Ho nektar å forlate Igbo Landing.

Familien samlast til ein stor avskjedsmiddag. To Peazant-døtrer som allereie bur på fastlandet – Viola og Yellow Mary – vender heim for samlinga. Med førebuinga til ein stor overgang på horisonten vert dette ei tid for Peazant-familien å lækje gamle sår og forsterke bandet til røtene sine.

Med i filmgruppe for filmskaparar

Som masterstudent ved filmavdelinga til UCLA i California var Dash ein del av det som i dag vert kalla LA Rebellion. Gruppa bestod av filmskaparar som Dash og Haile Gerima som var utdanna ved UCLA mot slutten av 1960-talet og gjennom 1980-åra, og som laga alternativ til klassiske Hollywood-filmar. Dash fokuserte fyrst på dokumentarfilmar. Etter ho oppdaga bøkene til Toni Morrison, Toni Cade Bambara og Alice Walker, byrja ho å jobba med forteljande film.

Ho skreiv manuset for Daughters of the Dust i 1975. Det var ikkje før i 1988 at ho fekk filmen finansiert av Public Broadcasting Service. Ho samla eit team av talentfulle kunstnarar som Alva Rogers, Arthur Jafa (filmfotograf for Solange Knowles sin «Cranes in the Sky») og Kerry James Marshall. Opptaka skjedde i løpet av 28 dagar. I fjor vart den restaurert 25 år etter premieren på Sundance-festivalen i 1991.

«Det som er fortid er forord.»

Med desse orda opnar Daughters of the Dust. Når eg tenkjer på denne setninga vert eg minna om James Baldwin som seier at «krafta til historia ligg i faktumet at vi ber den i oss, vert kontrollert av den på mange måtar, og at historia er til stade i alt vi gjer.»