Fleire kvinner bak kamera gjev fleire kvinner framfor kamera, ifølgje medievitar Ingvild Bjerkeland.

mm

I fjor fekk Oscar-komiteen kritikk for lite etnisk mangfald i nominasjonane. På skodespelarsida har årets Oscar-nominasjonar vorte meir mangfaldige, men i dei viktigaste nøkkelrollene bak kamera er det framleis kvite menn som dominerer.

Berre 17 av 72 nominerte i kategoriane manus, regi og produsent er kvinner – noko som tilsvarar 23,6 prosent.

Årets emneknagg har difor vorte #OscarSoMale.

Berre sju prosent av dei 250 største største filmane i 2016 var regissert av kvinner. Det er to prosent færre enn i 2015. Det viser ein årleg rapport frå Senter for kvinnestudier i TV og film ved San Diego State University.

Samla sett fyller kvinner 17 prosent av jobbane bak kamera. Dette inkluderer regi, manus, produsent, klipp og fotograf.

Taraji P. Henderson som Katherine G. Johnson i filmen Hidden Figures, som er nominert til beste film og beste adapterte manus, skrive av Allison Schroeder og Theodore Melfi. Foto: Hopper Stone / Twentieth Century Fox

Likeløn i Hollywood
Medievitar Ingvild Bjerkeland forklarar at ein i Noreg byrja å bli bevisst på den skeive kjønnsfordelinga i 2006. Ein rapport viste den gong at berre 18 prosent av i alt 400 millionar kroner i tilskot til norsk film, gjekk til filmar med kvinner i nøkkelposisjonar.

Bjerkeland meiner den norske filmbransjen har vore meir bevisste enn i Hollywood. No ser ho ei større bevisstheit på andre sida av Atlanteren, spesielt når det kjem til likeløn av skodespelarar.

Tidlegare denne månaden avslørte Portman i eit intervju med Marie Claireat Ashton Kutcher fekk tre gonger så bra betalt som henne då dei spelte mot kvarandre i den romantiske komedien No strings attached.  Same år vann ho Oscar for hovudrolla i Black Swan.

Den populære Hunger games-stjerna Jennifer Lawrence har òg teke eit kraftig oppgjer med lønnsgapet i Lena Dunham sitt feministiske tidsskrift The Lenny Letter. Den Oscar-vinnande skodespelaren fekk nemleg dårlegare betalt enn tre av sine mannlege motspelarar i American Hustle (2013).

Men den amerikanske debatten har så langt ikkje kome heilt bak kamera. Det trass i at berre fire kvinner nokosinne er nominert til Oscar for beste regi. Av desse er Kathryn Bigelow den einaste som har fått med seg statuetten heim. Ho vann i 2010 med krigsdramaet The Hurt Locker.

Regissør Kathryn Bigelow fotografert på veg inn til Oscar-seremonien i 2010, der filmen The Hurt Lockervann seks Oscar-statuettar, mellom anna for beste film, regi og manus. Foto: FICG.mx

Unntaksåret 2015
Bjerkeland er stipendiat ved Høgskolen i Innlandet (HiL). Saman med Johanne Kielland Servoll har ho sett på kvinnedelen i norsk film. Den kvantitative undersøkinga av kvinneroller i norsk film frå 2011-2015 vart utført på oppdrag for Skuespillerforbundet.

I heile denne perioden var tre av fem hovudkarakterar menn, medan resten var kvinner. I filmar med berre éi hovudrolle var dette i to av tre tilfelle ein mann.

Men i 2015 kunne me i norsk film sjå betydeleg fleire store kvinneroller enn elles.

– Dette året skilte seg òg ut med at det var fleire kvinner i nøkkelposisjonar. Det vart reflektert i filmane historiene som vart fortalt, forklarar Bjerkeland.

Det året var nemleg over halvparten av manusforfattarane kvinner, medan nesten ein tredel av produsentane og regissørane var det.

Kvinner i for store herreskjorter (2015)er basert på romanen Vente, blinkeav Gunnhild Øyehaug og regissert av Yngvild Sve Flikke. Inga Ibsdotter Lilleaas langfilmdebuterte i hovudrolla. Foto:

Heltar og heltinner
Medievitaren understrekar at problemet handlar om meir enn berre sysselsetting av kvinner.

– Film og tv er det viktigaste kulturuttrykket i vår tid. Me forstår verda gjennom historiene me får fortalt og bileta me ser. Det handlar om kva me som publikum får sjå og kan identifisere oss med. Om lag 50 prosent av befolkninga er kvinner, så kvifor skal det vere så voldsam overvekt av menn på film? spør Bjerkeland, og legg til:

– Me treng tøffe kvinnelege heltar, på same måte som me treng mannlege heltar.

I år har fleire løfta fram American Honey av Andrea Arnold som ein av filmane som er forbigått i nominasjonsprosessen.

– Etter mi meining var American Honey ein av dei beste filmane i 2016, saman med den franske filmenDagen i morgen. Det var mange gode filmar laga av kvinner i 2016, men ingen av desse er nominerte, seier Bjerkeland.

LES OGSÅ: Katniss Everdeen banar veg for heltinner

Bransjesnakk
I Noreg har Amandaprisen for beste regi vorte delt ut sidan 2005. På desse åra har fire kvinner vore nominert. I 2010 vann Sara Johnsen for filmen Upperdog og i 2015 fekk Aslaug Holm prisen for den nyskapande dokumentarfilmen To brødre.

I 2015 vedtok Stortinget at regjeringa skal jobbe for betre kjønnsbalanse i norsk film, slik at 40 prosent av nøkkelposisjonane vert fylt av kvinner.

Bjerkeland meiner at det må moderat kvotering til for å bøta på den skeive kjønnsbalansen i bransjen.  

Sjølv om kjønnsfordelinga på utdanningane er relativt jamn er bransjen framleis mannsdominert. Årsakene til dette er ifølgje Bjerkeland kompliserte.  Ei av forklaringa er arbeidsformen, der folk jobbar prosjektbasert og dei same vert leigd inn på nye prosjekt.

– Det handlar om vennskap, kjennskap og nettverk . Dette har vore ein litt lukka klubb som hovudsakleg består av menn, forklarar ho.

Oppstyr i LA
Under ein debatt i LA i januar peika filmprodusent og leiar i Women in Films, Cathy Schulman, på det same gapet mellom kvinner i utdanninga og kvinner i bransjen. Ho meiner ein av dei viktigaste årsakane er fordommar om kvinner på toppen ikkje tenar pengar og at innhald for kvinner og jenter ikkje er innbringande.  

Avatar, skrive og regissert av James Cameron er framleis verdas mest innbringande film, men ser me på animasjonsfilmar er Frost den mest innbringande gjennom tidene. Disney-suksessen frå 2013 er regissert av Chris Buck og Jennifer Lee. regissør Sam Taylor-Johnson er ei anna dame som unekteleg har gjort stor kassasuksess med filmatiseringa av Fifthy Shades of Grey.

Bjerkeland håpar at det i framtida vert fleire kvinnelege regissørar, manusforfattarar og produsentar både her heime og i Hollywood.

– Det hjelper å diskutera det og laga oppstyr rundt det. Hollywood trur dei er liberale, men dei er eigentleg veldig konservative. Det går framover, men det går sakte, avsluttar Bjerkeland.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

LES OGSÅ

ANNONSE