Regjeringa vil kutte i støtta til folkehøgskulane
For tredje gong på fire år foreslår regjeringa i statsbudsjettet for 2018 å kutte i støtta til folkehøgskulane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I statsbudsjettet foreslår regjeringa å kutte støtta til folkehøgskulane med 25 millionar. Det er eit kutt på omlag 3 prosent.
I tillegg foreslår regjeringa å kutte i studiestøtta til elevane totalt med 11 millionar.
– Vi er svært skuffa over forslaget regjeringa legg fram i dag, seier Odd Arild Netland, dagleg leiar i Folkehøgskolerådet i ei pressemelding.
Hausten 2017 starta over 7700 elevar på folkehøgskule. Det er ny rekord for tredje år på rad. Budsjettet tar ikkje høgde for elevveksten og som følgje av dette manglar ytterlegare ni millionar i budsjettet, skriv Folkehøgskolerådet.
– Kuttet vil få store konsekvensar for enkeltskular og elevar, og rammar usolidarisk i ei tid der folkehøgskolane har rekordmange elevar, seier Netland.
- LES OGSÅ: Rekordmange vil på folkehøgskule
– Ikkje statleg oppgåve
Roy Steffensen (Frp), leiar av utdannings- og forskingskomiteen, skriv i ein e-post til NTB at kutta i hovudsak vil ramma kortkursa skulane tilbyr.
– Kuttet vil først og fremst ramma kurs som linedance, bridge og meditasjon. Det bør ikkje vera ei statleg oppgåve å finansiera dette, skriv Steffensen.
Netland i Folkehøgskolerådet peikar på at regjeringa sa det same i budsjettforslaget for 2015 og 2016.
– På denne måten vil skular mista tilskot dei allereie har fått ja til i perioden frå 2014 til 2016. Det høyrest svært merkeleg ut å gå tilbake i tid, seier Netland til NTB.
Han meiner at dersom det skal kuttast i støtta, må kutta gjerast framover i tid. Det betyr at det tredelte tilskotet og rammevilkåra må endrast.
– Dette er den einaste måten å gjera det på. Då vil det ramma alle folkehøgskulane, seier Netland.