Rekordmange vil på folkehøgskule

Framtida
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

– Vi kunne nær ha dobla elevtalet dersom alle som søkte seg til skulen kom inn, seier rektor May Kristin Bolli.

Laurdag opna Møre Folkehøgskule eit nytt skuleår, og det var mange unge og som hadde møtt på opningsfesten. 97 elevar går på skulen, det betyr at skulen er sprengfull. Slik er det over heile landet. Folkehøgskulane er i vinden som aldri før.

LES OGSÅ: Stor interesse for vikinglinje

– Å gå på folkehøgskule handlar ikkje om eit friår på staten si rekning, men eit viktig år som gjev både læringsglede, auka samarbeidskompetanse og fagleg utvikling. Det er ein gledeleg trend, ikkje minst sender dette eit tydeleg signal til resten av skule-Noreg, seier rektor Bolli.

Når karakterpresset aukar på alle andre arenaer, meiner reaktoren det er viktig med ei motvekt.

– Utan verken karakterar eller eksamen evner folkehøgskulane å gje elevane lyst og motivasjonen til å lære, reflekterer Bolli.

Ho opplever at fag valt ut frå interesse, saman med fråværet av karakter- og eksamenspress, gjev eit trygt og stimulerande læringsmiljø.

– Mot slutten av førre skuleår vart det gjort ei undersøking mellom elevane på 25 folkehøgskular i Noreg. Tre av fire svarar at dei har fått ei meir positiv haldning til læring, og eit endå høgare tal seier at dei får mykje ny kunnskap i faget. Kvart år erfarer folkehøgskulane at elevar som hadde droppa ut av tidlegare skulegang, får motivasjonen tilbake, og tek fatt på neste etappe i utdanning eller arbeidsliv med fornya sjølvtillit, fortel rektoren.

LES OGSÅ: Spelsuksess for folkehøgskulane

Asia og animasjon
Møre Folkehøgskule har fem linjer. Det er Adventura Body & Mind – Asia, Adventura Sør-Amerika og Adventura Ekstremsport med eit breitt spekter av friluftsaktivitetar på timeplanen. Elevane på desse linjene reiser på studieturar til Thailand, Vietnam, Peru og Tyrkia.

Klassisk animasjon er utgangspunktet for undervisninga i Animasjon Japan. Det blir gitt opplæring i mange ulike animasjonsteknikkar, redigering, storyboard og lydlegging.

– Vi har og kontakt med Høgskulen i Volda som kvart år rekrutterer elevar frå animasjonsklassa ved skulen vår, fortel Bolli.

Elevane her reiser også på studietur til Japan.

Linja Kina – Midtens rike inneber mellom anna ein seks vekes tur til Kina og Japan.

– Adventura Body & Mind er ei ny linje. Linja handlar om basis friluftsliv, «Slow Adventure» og å vere til stades i seg sjølv og naturen. Her skal det vere fokus på å ta seg sjølv ned, gi slepp på stress og krav, seier Bolli, som gler seg til eit nytt skuleår med nesten 100 unge elevar.

LES OGSÅ: – Ungdomsparti som treng merksemd