Fleire jenter i terapi etter å ha delt nakenbilete

Eit aukande tal på unge jenter går i terapi etter å ha delt nakenbilete av seg sjølv. – Mange angrar forferdeleg, seier psykolog.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Psykolog Ingrid Blessom seier til NRK at jenter i 14-årsalderen går i terapi hos henne.

– Det er mange som slit i etterkant. Dei føler at det er noko ekstremt privat som andre har fått tilgang til. Nokon får nesten same reaksjonar som nokon som har blitt utsett for overgrep, seier ho.

Blessom er psykolog ved Institutt for klinisk sexologi og terapi i Oslo. Ho seier fleire av jentene som kjem til henne innrømmer å ha begynt med dette i 11-årsalderen og at mange av dei slit med angst og depresjon.

– Vi veit ikkje om dette er eit fenomen som kjem til å bre om seg. Vi veit ikkje om det er mange jenter som kjem i terapi seinare. Det er eit ferskt fenomen. Eg er redd dette er toppen på eit isfjell, fortset ho.

Ifølgje Medietilsynets rapport om Barn og medium frå 2016 hadde 9 prosent av barn i alderen 13 til 16 år sendt nakenbilete av seg sjølv, samanlikna med 4 prosent i 2010. Rådgivar Kaja Hegg i Redd Barna seier det er for lite kunnskap om temaet.

– Det kan vere at vi gir det større fare enn det eigentleg er. Men den største bekymringa er at det kan føre til mobbing, og det kan sjølvsagt bli brukt som ein trussel.