Twitter vil teste ut dobbelt så lange meldingar

Twitter vil gjennomføre eit testprosjekt der det vil vere mogleg å skrive Twitter-meldingar på 280 teikn, mot 140 teikn i dag.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prosjektet er Twitters førebels siste forsøk på å auke aktiviteten og talet på brukarar på det sosiale mediet.

I ei fråsegn tysdag skriv selskapet at omlegginga blir gjort som følgje at mange brukarar har vore sterkt frustrerte på grunn av avgrensinga.

Dei lengre meldingane skal først testast ut på ei liten gruppe brukarar før selskapet avgjer om endringane skal innførast meir generelt.