Våre topp 10 Twitter-botar

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi har samla 10 av dei beste Twitter-botane. Saknar du nokre på lista? Tweet til @AasenBot!

Big Ben
Den første Twitter-boten, laga november 2009. Heilt uoffisiell. Siste tweet november 2014.

 

Magic Realism Bot
Lagar magiske historier kvar andre time.

 

Fuck every word
Forbannar seg gjennom ordboka, ord for ord. Ferdig i 2020.

 

SkamFan
Automatiske oppdateringar kva gong det kjem eit nytt klipp av SKAM.  

 

Moby Dick
Fritt etter Herman Melville.

 

@RealRealDonaldTrump
Bot som filtrerer ut alle tweets som rådgivarane til Trump har skrive. Ekte vare frå @realDonaldTrump. Frå @Gawker

 

DSCOVR:EPIC
Bilete frå verdsrommet, uoffisielt frå @russss

 

Two Headlines
To overskrifter sett saman til nyheitskomediar. Frå @tinysubversions

 

Earthquake Robot
Tvitrar kvar gong det skjer eit jordskjelv som er over 5.0 Frå @billsnitzer, data frå USGS. 

 

Grammar Police
Passiv-aggressiv bot som rettar opp i vanlege skrivefeil. Frå @victor_zheng.

 

Lurer du på om ein Twitter-konto er ein bot? Sjekk ut tenesta Bot or Not frå Indiana University. (Den klarte ikkje å avsløre @AasenBot, så ikkje ta alle svara for god fisk.)

Les meir om Twitter-bots, om kunstig intelligens eller sjå alle sakene om #tenkologi.