Meir enn 5.000 stemmer vart forkasta ved valet

Teljekorpset ved stortingsvalet fann mange stemmer der dei ikkje forstår kva veljaren ville stemme på. 5.052 stemmer har blitt forkasta.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ein stor auke frå stortingsvalet i 2013, da 3.255 stemmer vart forkasta, melder NRK.

– Dei stemmene der det ikkje er stempel, og stemmer til parti som ikkje stiller lister i fylket, blir forkasta. Vi har også nokre stemmesetlar der det er vanskeleg å vite kva veljaren eigentleg ville stemme på. Dersom vi ikkje finn ut av det, så vil stemma bli forkasta, seier Thorild Osdalen, leiar for valteamet i Telemark.

Ho synest det er rart at talet har auka så mykje, for stemmesetlane er ikkje endra frå valet for fire år sidan, og ho meiner rettleiinga i år kanskje var endå tydelegare enn tidlegare.

LES OGSÅ: Valet viser gryande generasjonskløft

Teljekorpset har også funne ein del stemmesetlar der veljarane har skrive på helsingar til kandidatar eller heiarop.

– Blant anna har ein veljar skrive «deg vil eg gjerne ha» framfor førsteplassen på ei liste i Telemark, ein annan har skrive «Eg skjønte ikkje noko, men heiar på dykk», fortel ho.

Slike meldingar påverkar ikkje om stemma blir forkasta, men kan bidra til å forseinke teljinga.

LES OGSÅ: Slik blir det nye Stortinget