Ein tredjedel av studentar jobbar gjennom heile semesteret, viser nye tal. NSO fryktar at studentengasjementet i frivillige verv går ned på grunn av dårleg studentøkonomi.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ved universiteta og høgskulane finst det hundrevis av studentorganisasjonar som alle kjempar om merksemda til dei nye studentane ved semesterstart. Denne hausten er ingen unnatak. Frivillig arbeid gir erfaring innan leiing, økonomiansvar, organisasjonsliv og rekruttering. I tillegg får dei frivillige gjerne trening i å lage arrangement, danne nettverk og å drive med promotering.
Likevel slit studentorganisasjonane tidvis med rekrutteringa. Særleg kan studentar falle av på vårsemesteret når eksamensnervane slår inn. Somme prioriterer deltidsjobb framfor studentverv, mellom anna på grunn av den stramme studentøkonomien.
– Vi veit at kvar femte student jobbar meir enn ti timar i veka, og at dei då endar opp med å bruke mindre tid på studia. Ei studiestøtte over 11 månadar vil vere med på å sikre at alle har høve til å vere heiltidsstudent, seier velferdsansvarleg i Norsk Studentorganisasjon, Jonas Strisland.
Arbeid hindrar rikt studieliv
Ifølge Studentenes helse- og trivselsundersøkelse (SHoT) var 44 prosent av studentane i Bergen engasjerte i organisasjonar knytte til studentsamskipnaden i 2014. Det er fire prosent meir enn i undersøkinga frå 2010. Men engasjementet går opp og ned. I 2007 skreiv avisa På Høyden om korleis både rektoren og viserektoren etterlyste studentengasjementet.
Nye tal frå Statistisk Sentralbyrå syner at 1/3 av heiltidsstudentane har betalt arbeid gjennom heile semesteret. Det går ut over studietida, konkluderer rapporten. Strisland er einig. Han meiner at frivilligheit og studentengasjement kan ha mykje å seie for førebygging av einsemd blant studentane.
— Alle skal ha høve til å delta i alle sidene av studentlivet. Vi meiner at det er eit felles ansvar mellom stat, vertskommune, samskipnad og utdanningsinstitusjon å sikre og å leggje til rette for studentengasjement, held han fram.
Gode og dårlege tider
Det Akademiske Kvarter er ein av dei største studentorganisasjonane ved Universitetet i Bergen. Her jobbar mellom 300 og 500 studentar frivillig til ei kvar tid. I haust har dei vore representert på ulike arrangement i samband med semesterstart, og har fått god oppslutnad til enkelte grupper, men svakare oppslutnad til andre.
— Som med alle organisasjonar opplever vi gode og dårlege tider. Vi er sikre på å få nye frivillige kvart semester, og vi uroar oss ikkje for drifta. Forskjellen på gode og dårlege tider ligg mest i kor mange vi kan ha på jobb samtidig, og kor mykje ressursar vi har til å jobbe utanom programmet, fortel frivilligansvarleg Linn Thea Tronrud.
Forskjell på oppslutnad
I dei gruppene som krev størst forkunnskap er det ein tendens til at dei frivillige blir over fleire semester.
— På serveringsstadane, der det er enkelt å bli med og enkelt å lære seg oppgåvene, er utskiftinga hyppigare. Det er også her utvekslingsstudentane ønskjer å jobbe, då ei kortvarig forplikting passar dei best, seier Tronrud, og held fram:
— Ideelt treng vi 90 studentar til barane, men som regel forventar vi rundt 70. Forskjellen er då at ein er to på skift og ikkje tre, og at ein i nokre barar blir nøydde til å jobbe fleire skift i veka.
Verdi for arbeidslivet
Erfaring frå studentverv kan vere gull verdt når ein skal over i jobbsøkarfasen. Det kan redaktør i Nettavisa, Gunnar Stavrum, stadfeste.
— Generelt er aktivitet i studietida ein stor fordel når vi vurderer kandidatar til alle slags jobbar. For meg personleg har praksis frå Svada (no Samviten) og seinare Studvest vore heilt avgjerande for å komme inn i journalistyrket, seier han til Framtida.
Slik går rekrutteringa hjå ein del andre studentorganisasjonar:
Mikjel Gjernes er ansvarleg redaktør i Katarsis, eit studentmagasin ved det psykologisk fakultet på Universitetet i Bergen. Redaktøren fortel at dei klarer å finne skribentar om dei går inn for det, men at det er vanskelegare å rekruttere folk til stillingar som krev meir ansvar, som stillingar som underredaktør.
— Rekrutteringa går no betre enn på lenge, og særleg frå studentar på profesjonsstudiet i psykologi, seier han om semesteret så langt.
— Til tider ei utfordring
Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen kjenner på at arbeidet med å rekruttere nye studentar kan vere ei utfordring.
— Sjølve posisjonane som valte medlemmar i parlamentet er enkle å fylle. Det er tidvis vanskelegare å fylle ulike råd, styre, og utval underlagt parlamentet og alle utvala til universitetet, fortel informasjonsansvarleg Stian Magelssen.
I haust har rekrutteringa gått bra, men Studentparlamentet måtte arrangere to møter for å fylle alle råd, styre og utval, og alle er framleis ikkje fylte, oppgir dei.
— Rekrutteringa har gjennom åra vore god, kanskje særleg fordi vi har listeval og ikkje personval. Det gjer at vi enklare kan nå ut til folk og engasjere studentar politisk og sosialt. Valdeltakinga blant studentane er vi derimot mindre nøgde med, seier Magelssen.
— Skummelt med ansvar
IASTE, ein organisasjon som mellom anna jobbar med utvekslingsprogram, intervjuer kandidatar når dei er i ein rekrutteringsprosess. Som regel får dei søkarar til dei lokale koordinator-verva, men dei nasjonale er det verre med.
— Det kan verke skummelt å sitje med så mykje ansvar, men vi finn som regel folk til verva fordi det alltid er nokon som innser høvet til å tileigne seg erfaringar som er relevante for karrieren, seier Theodor Kvæven Halvorsen som er leiar i IAESTE Norge.
Historisk sett har opptaka til IAESTE vorte populære, og ved ordentleg promotering har kontakten med studentane gått greitt.
— I den noverande arbeidsmarknaden kan det verke som om studentane innser at det er viktig å skilje seg ut. I seinare år har vi satsa meir på mangfald, så difor marknadsfører vi oss meir mot samfunnsfaglege linjer. Så langt har det vore mange interesserte, og eg gler meg til å sjå resultatet, seier Halvorsen.
— Ingen overflod av søknadar
Også Springbrettet, ein organisasjon som skapar kontakt mellom studentar og arbeidsgjevarar opplever å slite med medlemstalet.
— Rekrutteringa har gjennom åra gått i bølgjer. Inntrykket mitt er at det krev mykje arbeid og marknadsføring for å få med studentar. Stundom har det til og med vore vanskeleg å fylle posisjonar i styret, fortel Johanne Gjermundstad Hagelin.
Som leiar i Springbrettet ser ho at verva som krev mest arbeid er vanskelegare å fylle enn andre.
— Vi opplever at dei fleste vi snakkar med kunne tenke seg å bli med, men at dei diverre ikkje har tid til å ta på seg meir enn studium og jobb. Likevel har mange av våre medlemmar både ein og to deltidsjobbar, og det viser at det er mogleg å kombinere dette. Dei som har litt ekstra kapasitet får ein gyllen sjanse til å få ein CV som skil seg ut i bunken.
— Korleis går rekrutteringa no i haust?
— Vi har fått inn nok søknadar til å fylle alle verva, men det er på ingen måte overflod av søknadar, seier Hagelin.
Fakta: Studentdeltaking
- 94 prosent av studentar hadde i 2012 yrkesinntekt i løpet av studieåret
- 37 prosent av studentar i landet engasjerer seg i frivillige verv
- Engasjementet varierer etter utdanningsinstitusjon. 52 prosent var aktive i verv gjennom studietida ved NTNU i 2010, mens berre 35 prosent ved UiO var det.
- Det er ein positiv samanheng mellom frivillig studentengasjement og oppfatning av studieby
- Deltakinga er større blant innflyttarar enn dei som kjem frå staden
- Blant dei eldste og blant studentar med omsorg for barn, er deltakinga lågare enn blant yngre og barnlause
Kjelde: SHoT-undersøkinga 2014/2010 og SSB